NRK Meny
Normal

Slik blei Skutle innblanda i narkosaka

Det som byrja med ei skuleoppgåve om elevar sine rusvanar, enda med over 50 arresterte, inkludert ein stortingspolitikar.

skutle

FRÅ SKULEAKSJON TIL RIKSPOLITISK: Den omfattande narkotikaaksjonen på skulane i Bergen enda opp med pågriping av sentrale politikarar i Høgre. Denne veka vart Erna Solbergs vararepresentant på Stortinget, Erik Skutle, sikta for bruk av narkotika.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Våren og hausten 2013 fekk politiet ei rekkje uromeldingar om narkotikabruk på vidaregåande skular i Bergen. Det sat i gong ein særs omfattande narkotikaaksjon mot skular i Bergen. Nærmare 40 elevar vart arresterte i aksjonen.

Denne veka vart også tre ungdomspartileiarar i Bergen arresterte, og sikta for erverv, bruk og å oppbevare av narkotika.

Det heile byrja med ei skuleoppgåve som avslørte hasjbruken til elevar på vidaregåande skular i Fana og Ytrebygda.

Overraskande funn

skuleoppgåve

SKREIV SKULEOPPGÅVE: Skuleoppgåva til Anders Hjelmaas og Malene Tonheim førte til at politiet starta opprulling av narkomiljøet på vidaregåande skular i Bergen. No har saka fått rikspolitisk omfang.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Malene Tonheim og Anders Hjelmaas er elevane bak undersøkinga. Dei to elevane ved Sandsli vidaregåande skole bestemte seg for å undersøke forskjellane på bruk av narkotika på yrkesfagleg kontra studiespesialiserande retning på vidaregåande skular.

Etter framføringa for klassen, anbefalte studieinspektøren ved skulen å utvide undersøkinga til å gjelde fleire skular. Dei to elevane fekk inn 700 svar frå 850 elevar som blei spurt. Og resultatet var overraskande.

– Vi fant at ein tredjedel av alle elevar på vidaregåande skole har prøvd narkotika éin eller fleire gonger.

Undersøkinga, saman med uromeldingar frå elevar, lærarar og foreldre, fekk enorme konsekvensar.

Over 100 politifolk aksjonerte

Narkotika

BESLAG: Kring 100 politifolk aksjonerte i den største narkoaksjonen mot skular i Bergen noko sinne. Det vart gjort funn av cannabis, kokain, MDMA og LSD.

Måndag i førre veke gjekk politiet til aksjon mot sju vidaregåande skular i Bergen. Kring 40 elevar vart arresterte for «brot på omgang med narkotika».

Nærmare 100 politifolk deltok i aksjonen, der det vart gjort funn av cannabis, kokain, MDMA og LSD.

Få dagar etter aksjonen i Bergen, aksjonerte også politiet i Norhordland mot kring 30 elevar. Politiet seier dei to aksjonane skjedde uavhengig av kvarandre

Arrestasjonane kjem som følgje av eit tolv kilo stort cannabisbeslag politiet gjorde på Vaksdal i januar, samt aksjonane mot dei vidaregåande skulane i Bergen.

Frå skuleaksjon til ei rikspolitisk sak

Eg har erkjent overfor politiet å ha røyka cannabis. Eg avventar no politiet si vidare behandling og er førebudd på å ta konsekvensen av lovbrotet.

Erik Skutle (H)

Torsdag denne veka vart også til saman tre Unge Høgre- og/eller Høgre-politikarar sikta. Også desse arrestasjonane var ein del av aksjonane mot bergensskulane.

Mellom anna vart Erna Solbergs vararepresentant på Stortinget, Erik Skutle (24), sikta for erverv, bruk og besittelse av narkotika.

I skuleaksjonen tok politiet i Bergen beslag av fleire mobiltelefonar. Det var på ein av desse telefonane Erik Skutle sitt namn dukka opp, ifølgje BA. På ein SMS gjekk det fram at Skutle hadde vore på ein fest der det vart brukt cannabis. På bakgrunn av dette vart Skutle kalla inn til avhøyr. Der la stortingsrepresentanten korta på bordet.

Eg har i dag erkjent overfor politiet å ha røyka cannabis. Eg ventar no politiet si vidare behandling og er førebudd på å ta konsekvensen av lovbrotet, seier Skutle i ei pressemelding torsdag kveld.

Seinare same dag vart også ein bystyrerepresentant for Høgre i Bergen sikta i narkotikasaka.

Politiet bekreftar at dei tre Høgre-politikarane er sikta for lovbrot som skal ha skjedd dei siste tre månadane.

Stolt-Nilelsen

LIBERALISERINGSKULTUR: Byrådsleiar i Bergen, Ragnhild Stolt-Nielsen, seier det er ein liberaliseringskultur i fleire av dei politiske ungdomspartia i Bergen.

Foto: Magnus Aamo Holte

Ragnhild Stolt-Nielsen, byrådsleiar i Bergen, seier til NRK at ein kan sjå ein liberaliseringskultur blant ungdomspartia i Bergen.

– Vi må som parti gå inn og ta ei oppgjer mot den liberaliseringskulturen vi ser i fleire av dei politiske ungdomspartia når det gjeld narkotika. Det er viktig å ha nulltoleranse for narkotikabruk, seier Stolt-Nielsen.

Trekkjer seg frå alle verv

Torsdag kveld kom det fram at Skutle trekkjer seg frå alle partiverv etter narkotikasiktelsen.

– Eg har svikta dei som har hjelpt meg fram, seier Skutle.

Fleire meiner at det må vera rom for at dei to Høgrepolitikarane kan få halde fram i politikken, blant dei gruppeleiar Dag Skansen i Bergen Høgre.

– Dei er unge og har lang tid framfor seg i politikken. Det må vera rom for å gjere feil.

Årebrot

– TILLITSBROT: Sjølv om det er eit tillitsbrot mot partiet, meiner valforskar Frank Aarebrot seier politikarar må kunna bli nominerte, sjølv om dei har brukt hasj.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Også valforskar Frank Aarebrot seier politikarar må kunna bli nominerte, sjølv om dei har brukt hasj.

– Fortidige brotsverk burde ikkje hindra folk i å verte nominert. Men det er eit klart tillitsbrot med partiet at ein ikkje fortel om fortidig kriminell åtferd før nominasjonsmøte.

Bergen Høgre skal handsame saka mot den sikta bystyrepolitikaren på eit møte måndag morgon. Saka mot stortingspolitikar Erik Skutle vert først og fremst behandla av Høgre si stortingsgruppe.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.