NRK Meny
Normal

Journalisten fridde i lokalavisa og fekk ja

Eivind (30) tok pennen fatt og fridde til kjærasten i lokalavisa.

Eivind Dahle Sjåstad fridde til Cathrine Hagen Gundersen i avisa

ORGINALT: Journalisten Eivind Dahle Sjåstad valde å fri til kjærasten Cathrine Hagen Gundersen gjennom lokalavisa han jobbar i. Svaret fekk han med ein gong.

Foto: Montasje/Faksimile / Privat/Hardanger Folkeblad

Baksida av Hardanger Folkeblad var alt anna enn vanleg i dag. Der kunne lesarane sjå journalist Eivind Dahle Sjåstad (30) avbilda sittande på kne, med ein giftering i hånda.

Tittelen øvst levnar liten tvil om målet med det spesielle innlegget.

«Cathrine, vil du gifte deg med meg?»

- Eg hadde tenkt på det eit års tid. Cathrine har alltid sagt at ho ville vera forlova før ho fyller 30. Det gjer ho i morgon, så då bestemte eg meg for å berre køyre på, seier den originale friaren til NRK.

– Overraskande og romantisk

Eivind på kne i Hardanger Folkeblad

Eivind på kne i Hardanger Folkeblad.

Foto: Faksimile

30-åringen jobbar som journalist og nyheitsleiar i lokalavisa som har base i Odda i Hardanger. Å få lov av redaktøren til å gjennomføra stuntet var ikkje særleg vanskeleg.

– Det var «go» med ein gang, ler journalisten.

Og ja med ein einaste gong fekk han også av kjærasten, Cathrine Hagen Gundersen (29). Ho vart overraska og rørt over friarstuntet.

Paret har vore saman sidan 2011, og har to barn saman. Den siste kom til verda for berre to veker sidan.

– Så det var på tide med eit frieri, seier Eivind.

Publiseringstrøbbel

Nokre vanskar vart det likevel, av den meir tekniske sorten. For e-avisa til Hardanger Folkeblad kjem ut tidlegare enn papiravisa. For å unngå at vener og kjende las e-avisa og ringde Cathrine før ho sjølv fekk sett baksida, printa han ut ein versjon.

– Eg spurde om ho ikkje kunne lesa hovudsaka til i morgon. Etter kvart gjekk det opp for ho kva som var på gang, seier Eivind, som også gjekk ned på kne på tradisjonelt vis.

Det er tydelegvis normalt å fri litt utanom det vanlege i Hardanger. Då Sommarbåten til NRK la frå kai i Odda og køyrde ut Sørfjorden, stod Eilen (30) klar ved ein kai i Ålvik. På direkten fridde ho til kjærasten Bjørn Olav.

– Kjærleiken blomstrar i Hardanger, konstaterer Eivind.

Når bryllaupet til Eivind og Cathrine står er førebels ikkje bestemt.