Hopp til innhold

Slik feira Åsane at plassen i 1. divisjon er sikra

Åsane var ei hårsbredd frå nedrykk i dag, men klarte å redde plassen i det 95. minutt. Slik blir det ekstatiske feiringar av.

Åsane var ei hårdsbredd frå nedrykk, men klarte å redde plassen i det 95. minutt.

– Eg har vore både i helvete og himmelen i løpet av dei 90 minutta i dag, så no veit er korleis det er. Spelerane viser ein enorm moral, seie trenar for laget Kjetil Knutsen.

Det var tidenes fotballdrama i kampen mellom Åsane og Hønesfoss. Åsane fekk straffe borte mot Hønefoss i det 96. minutt og sørga for 3 - 3. Dermed klarte Åsane å kome seg over skjebnestreken i siste liten.

Åsane-helten braut ankelen

Det var Kristoffer Nese Stephensen som sørga for den avgjerande straffa. Han blei takla inne i feltet, noko som førte til eit brot i ankelen. Han blir i kveld operert på Hønefoss sjukehus i kveld, skriv Åsane fotball på Facebook

– Han ofra alt. Han ligg på operasjonsbordet og det pregar oss. Spelarane fortener å feire idag, men alle tankar går til han, seier trenaren.

– Har levert meir enn ein kan forvente

Det er store festplanar i spelarstallen. Allereie i garderoba blei champagne spretta og allsangen sett i gong.

– Det er ei ung spelargruppe som har tatt ekstreme steg i løpet av sesongen. Nesten ingen har spelt på dette nivået før, og dei har levert meir enn ein kan forvente. Samtidig må eg seie at det var ingen god fotballkamp i dag, seier Knutsen.

Kjetil Knutsen

UNG SPELARGRUPPE: Åsane-trenar er imponert over kva spelerane har levert denne sesongen.

Foto: Bjørn Erik Ovesen