Hopp til innhold

Slik får du barna til å sovne i varmen

Det er herleg med sol og varme, men når det er tropestemning på soverommet så kan det bli vanskeleg å få sove – spesielt for barna. Her er tipsa som skal få barna til å sovne i varmen.

Sovende barn

GODE TIPS: Regulere temperaturen, halde seg til vanar og kjøle ned barna er nokre tips for å få barna til å sovne i varmen. Illustrasjonsfoto.

Foto: colourbox.com

Dei siste vekene har det fleire stader i Noreg vore tropenetter, og fleire vil det nok bli i tida framover.

– Minimumstemperaturen må vere over 20 grader i løpet av natta, forklarer vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Nina Larsgård.

Regulere temperaturen

Bestemor med to barnebarn

VIKTIG Å TA FORHOLDSREGLAR: Bente Marthinsen, med sine to barnebarn, meiner at det er viktig å gje barna nok drikke og lufte godt rommet.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Når det er så varmt kan det vere vanskeleg å få sove, spesielt for barna. Søvnforskar og overlege ved Helse Bergen, Eli Sørensen, har gode tips.

– Det er viktig å prøve å regulere temperaturen i rommet. Det kan du gjere ved å ha gardiner trekt føre vinduene, slik at sola ikkje varmar opp tak, vegger og møblar. Deretter må du lufte godt før dei skal legge seg, seier Sørensen.

Held deg til vanar

I varmen må ein passe på at barna ikkje har for mykje over seg når dei skal sove.

– Barna treng ikkje noko anna enn ei t-skjorte og bleie om dei treng det. Å berre bruke dynetrekket i staden for heile dyna kan og vere ein god ide, seier eksperten.

– Blir det ikkje for varmt med t-skjorte?

– Nokon liker å ligge utan klede på seg, medan barn liker ofte å ha noko over seg eller på seg. Det med søvn har mykje med vanar å gjere. Er ein vane med å sove med t-skjorte eller pysjamas, så bør ein fortsetje å gjere det, foreslår Sørensen.

– Kan det hjelpe å gjere rommet ekstra mørkt?

– Ein søv best når det er passe lyst i rommet. Mange barn liker å ha nattlys, det synest eg dei kan fortsetje med, men det kan hjelpe å bruke mørke gardiner som ikkje slepper lyset inn, seier Sørensen.

Kjøl ned barna

– Dusje eller bade barnet i litt kaldare vatn før dei skal legge seg kan hjelpe. Vatn gjer kroppen kaldare, seier Sørensen.

Eli Sørensen

SØVNFORSKAR: Eli Sørensen er søvnforskar og overlege i Helse Bergen.

Foto: Ellen Juul Andersen / Den norske legeforening

I tillegg er det viktig at ikkje barna vert dehydrerte.

– Å drikke nok er veldig viktig. Ha drikke lett tilgjengeleg og hugs å gje barna drikke regelmessig, seier søvnforskaren.

Det er også viktig å passe på barna i sola. Om dei vert solbrente eller får for mykje sol på seg, kan det bli endå vanskelegare å sove.

– Det er veldig viktig å bruke solkrem med høg faktor og ta på lette klede på barna, seier Sørensen.

Overtrøytte ungar

– Kva skjer når ungane er overtrøytte?

– Då har ein ikkje sove godt. Om ein ligg om natta og sveittar mykje og frys, så får ein ikkje den kvaliteten på søvnen som ein treng, seier Sørensen.

– Kvifor er det vanskelegare å sovne når ein er overtrøytt?

– Det er vanskelegare å sovne fordi ein streve meir med å prøve å sove. Ofte blir barn hyperaktive når dei er overtrøytte, og då er det vanskelegare å få dei til å lande og sovne igjen, seier Sørensen.

Viktig å ta forholdsreglar

Bente Marthinsen er bestemor til to små barn og er barnepassar, ho synest det som regel har gått greitt å få barnebarna til å sove.

– Det har som regel gått greitt, men det er viktig å ta nokre forholdsreglar. Det er viktig å prøve å gje dei nok drikke og lufte godt på rommet før dei skal leggje seg. Då går det som regel greitt, seier Marthinsen.