Hopp til innhold

Glatte vegar i fylket: –Ta det med ro!

Vegvesenet jobbar på spreng med brøyting og strøing av vegar. – Det er glatt nokre stader, så folk må ta det med ro, er oppfordringa.

Fjøsanger fredag desember

Slik ser trafikken ut på E 39 Fjøsangerveien i Bergen klokka 19.09

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

SISTE: Straume bru er no open att for fri ferdsle etter at det har vore manuell dirigering av trafikken. Det var eit vogntog som hadde køyrt seg fast.

– Det er glatte parti på vegane, og vi har fått meldingar om glatte vegar i Os, fortel Tore Andre Halland ved Vegtrafikksentralen til NRK klokka 19.00.

Mannskap frå Vegvesenet er ute på vegane og brøytar.

– Vi jobbar på spreng, og no skal vi til å strø. Men folk må ta det med ro, er oppfordringa frå Vegtrafikksentralen.

Det har vore fin flyt i trafikken i ettermiddag og utover kvelden, utan dei store hendingane.

Kolonne på Hardangervidda

På riksveg 7 over Hardangervidda er det stengt for personbilar, medan det er kolonne for køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn.

Uvêret har roa seg fredag, men det vil framleis snø fram mot laurdag morgon. På søndag vil nedbøren koma som regn i lågare strøk, ifølgje yr.no.

Snø skapar trøbbel

Men snøen har skapt større trøbbel for bybanevognene.

– Sporvekslaren i Byparken har problem på grunn av snøen, seier driftssjef John Hansen i Fjord1 Partner.

Det fører til at bybanevognene berre har eit spor å køyra på. Vognene som kjem inn må koma ut att før neste vogn kan kome inn på stoppet.

– Dette skjer i Byparken fordi bussane også køyrer der, så då hamnar det meir snø ned i sporet. Men vi har folk på staden som jobbar med å ordne det.

Snøen fører til nokre forseinkingar i forhold til rutetabellen, men Hansen seier det går bra elles mellom Byparken og Lagunen.