Hopp til innhold

Ingelin er den einaste som ikkje høyrer noko i salen

Er du student og synest det er hardt å studere? Då veit du ikkje korleis det er å vere i ein førelesingssal utan høyrsel.

Ingelin Steen

Stå på-tanke: Ingelin Steen (21) studerer økonomi og administrasjon på heiltid, og har alvorleg høyrselstap.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

– Medstudentane mine kan oppfatte informasjon med ein gong. Eg føler eg må arbeide dobbelt så mykje, seier Ingelin Steen (21) frå Ulvik i Hardanger.

Steen er vaksen opp utan høyrsel. No er ho den fyrste og einaste på BI i Bergen som er døv. Til neste år har ho ein universitetsgrad i økonomi og administrasjon.

Som mange andre studentar, skriv ho notat i førelesingssalen. Men ho må konsentrere seg på ein heilt annan måte enn medstudentane. Det gjer ho samtidig som ho rettar blikket på både tolk, lysbildeframsyning og førelesar.

– Etter ein lang dag i førelesingssalen, vert eg utruleg sliten, seier Ingelin.

Bli med på førelesing og heim til Ingelin i Bergen, ved å høyre radioreportasjen under:

Tøffare for døve studentar

Det er vanleg å bruke omgrepet «høyrselshemma» om folk som har nedsett høyrsel. Omkring 300.000 nordmenn har det. 5000 av desse er heilt døve.

Bjørn A. Kristiansen

Meir arbeid: Generalsekretær i Døveforbundet, Bjørn A. Kristiansen, seier det er tøffare for døve studentar.

Foto: Norges Døveforbund

– Ein døv student må arbeide ein god del meir, for å oppnå same resultat som ein student med normal høyrsel, seier generalsekretær i Norges Døveforbund, Bjørn A. Kristiansen.

Ein normal høyrsel har eit resultat på 0–20 desibel (dB). Ingelin sitt høgre øyra har eit resultat på 80 desibel (dB). Det vert rekna som alvorleg høyrselstap. På hennar venstre øyra, kan ho ikkje høyre noko.

Set ekstra pris på pausar

Studentar har pausar mellom førelesingane. Dette er noko Ingelin Steen kanskje set ekstra pris på. Då trekker ho gjerne frisk luft saman med medstudentane hennar.

Dei er imponert over pågangsmotet til Ingelin.

– Me synest ho er kjempeflink. Ho gjer det ho skal, og er ivrig i å vere ferdig med arbeidskrava i god tid før innleveringsfristane me har. Det hender at det er ho som passar på oss, seier Randi Kristine Rasmussen og Madeleine Lillefosse.

Stopper ikkje studentlivet

Til trass for at ho er døv, er ikkje det noko hinder i å delta i studentlivet. Ingelin har aldri tenkt at ho har eit problem – fordi høyrselshemminga har ho alltid hatt.

– Eg er typen som ikkje ser på høyrselstapet mitt som eit problem. Eg har jo alltid vore døv. Det er berre ein vane, fortel ho.

– Eg vil vise at eg kan gjere ting som alle andre. Spesielt for meg sjølv. Det er utruleg viktig for meg, seier ho.

Ingelin Steen

Som normal: Ingelin Steen ser ikkje på høyrselstapet som noko problem for å studere.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Eg vil vise at eg kan gjere ting som alle andre. Spesielt for meg sjølv. Det er utruleg viktig for meg.

Ingelin Steen, 2. årsstudent ved handelshøgskulen i Bergen

– Har du noko sjanse til å høyre deg sjølv på radio?

– Eg håper det. Stemma mi er attkjennande, og er difor lettare å forstå enn andre. Det hadde vore morosamt i alle fall, flirer ho.