Hopp til innhold

Denne veka skal vi følgje dei på vegane

Ola veit aldri når han kjem heim frå jobb, medan dottera Erna Sofie ikkje er særleg glad i kollektivtrafikk. Denne veka skal familien Jøsendal vise deira kvardag på vegane.

Min veg familien

Frå venstre: Margit (12), Grethe, Karen Johanne (19), Erna Sofie (15), Ola, Lars Olav (10), Peder (22) og Rannveig (17).

Foto: Privat

På nettsidene våre, i radiosendingane og på Vestlandsrevyen skal vi fortelje korleis folk har det i kvardagen når dei er på veg til eller frå skule, arbeid eller fritidsaktivitetar.

Kva problem møter ein i kvardagen? Kva løysingar finst det på dei ulike problema?

Alle brukar vi mykje tid på vegane. Og fleire skal vi bli. Innan 2030 blir vi 76.400 pendlarar i Hordaland. Det er ei auke på 20.000.

Desse skal vi følgje denne veka

Ola Jøsendal

Ola likar best å ta buss til jobben i Bergen. Men han skulle ønskje han hadde spara tid på det.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Denne veka skal vi bli ekstra godt kjent med ein familie i Nordhordland. Ola Jøsendal og Grethe Fosse har seks born og bur i Alversund i Lindås kommune. To av borna har flytta til Bergen.

Kvar dag møter familien utfordringar. Ola jobbar i Bergen sentrum medan Grethe skiftar mellom Radøy og Knarvik.

– Litt for ofte går det vekk tid i kø når ein skulle ha ete middag eller gjort lekser med dei yngste, seier Ola.

Denne veka skal vi følgje familien når dei skal ta seg fram til skule, arbeid og fritidsaktivitetar.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «NRKMINVEI Hordaland» i nytt vindu

Brukar ein time til jobb

Måndag følgjer vi faren i familien. Ola køyrer kvar dag til Knarvik før han set seg på bussen til Bergen sentrum. Han pendlar til Strandkaien der han jobbar som avdelingsdirektør i avdelinga for rusmedisin i Helse Bergen.

Pendlinga byrjar klokka 07.00 kvar morgon. Mellom 50 minuttar og ein halvanna time seinare er han på plass på arbeid.

Ola seier han er heldig som har ordna seg fleksibel arbeidstid.

– Eg tykkjer verkeleg synd i dei som byrjar til eksakt tid. Då må ein rekna enormt god tid.

Kø er han særs lite glad i. Men det han tykkjer er enno verre er full stogg i trafikken. Og kvar dag må Ola altså gjennom "trakta" i Vågsbotn.

Saka held fram under biletet

Lars Olav - livet på vegane

Lars Olav brukar sykkelen når han skal på skulen.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Syklar til skulen

Tysdag blir vi med Lars Olav (10) og Margit (12) som syklar til Alversund skule. Dei gongene været ikkje gjer det mogleg å setje seg på sykkelen, sei dei seg på skulebussen.

Dei syklar langs ein veg der det er viktig å ha tryggleiken på stell, og minstemann Lars Olav er den som passar på på veg til skulen.

– Det er betre å sykle enn å bli køyrt, meiner tiåringen, som du får møte på onsdag.

Før var Lars Olav litt redd for skulevegen. Men etter at kommunen gjorde grep og la gangbru, er han nøgd.

Trafikktryggleik

Grethe Fosse - livet på vegane

Grethe Fosse er lege i ein kommune som har opplevd fleire dødsfall i trafikken som følgje av ruskøyring.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Grethe er kommunelege i Lindås, ein kommune der fleire personar har mista livet på vegane som følgje av ruskøyring. Ho jobbar som legevaktsjef i Knarvik to dagar i veka, medan ho er overlege på Radøy dei tre andre dagane.

Ho har to tenåringsdøtrer som snart skal ut på vegane. Uansett kor gode sjåførar dei blir lært opp til å bli, er bekymringa hennar der.

Onsdag blir vi med når Grethe køyrer med bilen til og frå jobb på vegane i Nordhordland.

Skal prøve kollektivt

Torsdag skal 15-åringen i familien, Erna Sofie, få prøve kollektivtrafikken. Dottera vert vanlegvis køyrt over alt, men denne dagen skal ho få erfara korleis det er å klara seg utan bil.

Ved å ta bussen, skal ho rekke skule og fritidsaktivitetar. Fungerer det i praksis? Er kollektivtrafikken i Hordaland ein bløff for alle som ikkje bur i byen?

Finst det alternativ?

Peder (22) og Karen Johanne (19) har flytta frå heimen i Alversund, og bur i same kollektiv med vener i Bergen sentrum. På fredag skal dei få prøve alternative måtar å ta seg fram i byen på.

Dei skal køyre el-sykkel og teste ein mobilapplikasjon der ein kan avtale å køyre saman.

Følg familien Jøsendal og NRK Hordaland på vegane denne veka. Les alle sakene her.

  • Har du tips til gode trafikksaker frå Hordaland? Tips oss!