Hopp til innhold

Haustferietrafikken: Trafikken går som normalt

Det er fine forhold på fjellovergangane i Sør-Noreg for dei som reiser til og frå haustferie.

Lakseberget E18, øst for Sandvika

TRAFIKK: Bert og opphaldsvêr er vegmeldinga dei fleste stader i Sør-Noreg. Her frå E18 ved Lakseberget.

Foto: Statens vegvesen

I dag har vore den store dagen for heimfarten for dei som starta haustferien førre helg. I tillegg har det og vore noko utfart for dei som startar haustferien denne helga.

  • Desse fylka avsluttar haustferien i dag: Akershus, Aust-Agder, Buskerud, Finnmark, Oppland, Oslo, Troms, Vest-Ager, Vestfold og Østfold.

Tidlegare i ettermiddag var det lange køar både på E18, E16 og rv. 7. Like over klokka 21 går trafikken som normalt igjen.

Fint på fjellovergangane

Vegtrafikksentralen både i vest og aust kan melde om fine forhold på fjellovergangane, med bar vegbane dei fleste stader.

– Men det er alltid fare for glatte parti, særleg i skyggepartia, seier trafikkoperatør Trude Lindborg.

Meteorologane åtvara laurdag mot nattefrost kunne gi glatte vegar i Sør-Noreg. Enn så lenge vil ikkje Vegtrafikksentralen rå alle til å byte til vinterdekk før dei køyrer over fjellet.

– Vi har ikkje fått råd frå entreprenørane om at det er behov for vinterdekk i dag. Men ein må vere ekstra obs på køyreforholda om ein køyrer på sommardekk.

Vegtrafikksentralen meiner alt ligg til rette for ein fin heimfart, men ber som vanleg folk halde god av stad og ikkje stresse på veg heim.

Sjå oppdatert oversikt over fjellovergangane nedst i saka.

  • Vêrmelding for fjellovergangane på yr.no
Fint føre over Hardangervidda

SOLFYLT: Her frå riksveg 7 over Hardangervidda.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Sjekk fjellovergangane

Dette var status på fjellovergangane i Sør-Noreg klokka 20.50 søndag.

  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Bert. Klokka 17.30 var det 0 grader, flau vind og opphaldsvêr.
  • E6 Dovrefjell: Bert. Klokka 18.15 var det 0 grader, sørvestleg svak vind og klart.
  • E16 Filefjell: Bert. Klokka 17.30 var det 3 grader, svak vind og opphaldsvêr.
  • E134 Haukelifjell: Bert og fare for glatte parti. Klokka 18.30 var det 0 grader, svak vind og klart.
  • Rv 7 Hardangervidda: Bert. Klokka 18.15 var det -2 grader, svak vind og klart.
  • Rv 13 Vikafjellet: Bert. 19.00 var det 0 grader, flau vind og opphaldsvêr.
  • Rv 15 Strynefjellet: Stort sett bert, fare for glatte parti. Klokka 18.40 var det -5 grader, søraustleg svak vind og opphaldsvêr.
  • Fv 27 Venabygdsfjellet: Bert, fare for glatte parti. Klokka 18.45 var det -6 grader, flau vind og klart.
  • Fv 50 Hol-Aurland: Bert og vått. Klokka 17.30 var det 1 grad, svak vind og opphaldsvêr.
  • Fv 51 Valdresflye: Stort sett bert. Klokka 17.15 var det -3 grader, nordleg svak vind og klart.
  • Fv 53 Tyin-Årdal: Bert og vått. Klokka 17.30 var det 1 grad, flau vind og opphaldsvêr.
  • Fv 243 Aurlandsfjellet: Stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.