Hopp til innhold

Slik er det å bli tatt av ein fotoboks

NRK vart med politiet for å bryte fartsgrensa forbi ein fotoboks. – Mange anar ikkje at dei har køyrt for fort før brevet kjem i postkassa, seier politiet sin ATK-sjef.

Video til nettsak

SJÅ VIDEO: Trur du fotoboksen blitsar med sterkt kvitt lys når du passerer i for stor fart? Då må i så fall tru om att. Fotograf: Runa Victoria Engen | Redigering: Jørgen Eide

I dei eldre boksane med blits er jo ikkje folk i tvil. Då ser dei blinken og får seg ein støkk. På dei som er litt nyare er det berre dette raude lyset.

Ola Akselberg, Politiet

– No køyrer vi straks forbi fotoboksen, fortel Ola Akselberg.

Sjefen for automatiske trafikkontrollar i Hordaland politidistrikt køyrer austover på E16 i Indre Arna.

Nokre hundre meter inne i mørket i Arnanipatunnelen står den plassert. Heile 2965 personar vart knipsa då dei køyrde for fort forbi denne i fjor. Fotoboksen bidrog med over fire millionar kroner til statskassa i 2013.

Ingen blits

Fotoboks i Arnanipatunnelen

DYR OVERRASKING: Fotoboksen i Arnanipatunnelen på E16 tok nesten 3000 fartssyndarar i fjor. Kanskje ikkje alle bilistane fekk det med seg før brevet frå politiet hamna i postkassa.

Foto: Bygdanytt

Akselberg sjekkar at det er god avstand til bilar både framfor og bak. Så gir han gass. Med godkjenning frå politimeisteren i Hordaland, bryt han fartsgrensa i 70-sona, akkurat nok for å få boksen til å reagera.

For NRK skal få sjå korleis nær 3 000 opplevde det i fjor då dei køyrde for fort forbi akkurat denne boksen.

– Der, kjem det plutseleg frå ATK-sjefen i førarsetet. NRK sine utsende lurar på kva han meiner – noko kvit blits har ikkje vi sett.

– Passerte vi den no?

Akselberg nikkar bekreftande.

Får ikkje med seg at dei er tatt

For fotoboksen som står inne i tunnelen på E16 er av ein nyare type. Køyrer du for fort forbi ein av dei får du ikkje sjokk av ein blits som nesten blendar deg. Boksen gir berre frå seg ein liten raud blink.

– I den nyare typen av fotoboksane er det eit raudt diodelys.

– I dei eldre boksane med blits er jo ikkje folk i tvil. Då ser dei blinken og får seg ein støkk. På dei som er litt nyare er det berre dette raude lyset. Så her kan ein faktisk køyre for fort forbi utan å merke noko, medgir han.

– Mange blir veldig forundra når dei får brev frå oss i ettertid.

I brevet ligg bot og ein førespurnad om kven som var sjåfør i bilen. Deretter vert bota sendt til vedkommande som køyrde bilen. Er det tvil, kan eigaren av bilen møte ved ein politistasjon for å sjå nærare på bildet.

Saka held fram under biletet

Ola Akselberg

TOK NRK MED PÅ TUR: Ola Akselberg, sjef for automatiske trafikkontrollar i Hordaland politidistrikt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

200 millionar kroner

Du kan framleis treffe på dei gamle fotoboksane med blits. Ein slik står til dømes plassert i Fløyfjellstunnelen i Bergen.

I Noreg finst det kring 400 fotoboksar. Fotoboksane tok inn over 200 millionar kroner i løpet av fjoråret. Fotoboksen i Rælingstunnelen i Lillestrøm tok inn nesten ti millionar kroner åleine.

Når det gjeld politidistrikt, tronar Hordaland suverent på topp på kor mange bøter som er skrive ut; 14.114 krav og totalt 27.593.700 kroner.

– Fotoboksane er til for at folk skal halde fartsgrensa. Er det ein fotoboks der så får bilistane ei påminning om at ein her må halde farten nede. Det hjelper, men dessverre er det nokon som gløymer det og køyrer for fort likevel, seier Akselberg.

– Nokon fotoboksar har blits, andre har det ikkje. Skal ikkje føraren få ein beskjed som er til å oppfatte?

– Dei får jo den i ettertid. Og før kvar fotoboks er det skilta med informasjon om fartsmålinga. I utgangspunktet har bilistane god informasjon om at ein på denne strekninga kan bli tatt.

Saka held fram under videoen

Slik ser det ut når fotoboksen blitsar. Frå Bømlafjordtunnelen.

SJÅ VIDEO: Slik ser det ut når ein fotoboks av den gamle typen blitsar. (Arkivfoto).

– Ikkje fleire snittmålingar

Det blir meir og meir vanleg snittmåling, der fotoboksar målar farten din over ei lengre strekning. Ein slik streknings-ATK er til dømes på plass i den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen.

I 2013 fanga boksane som målar snittfarten på bilar i retning Aurland 2265 fartsovertredelsar. Akselberg ønskjer seg fleire snittmålingar men seier det er vanskeleg på Vestlandet.

– Vi har ikkje dei vegane som skal til for å setje dette opp på ein optimal måte, forklarar Akselberg og viser til at vegane har mange avkøyrsler og forskjellar i fartsgrensene.

Slik sett er forholda optimale i Lærdalstunnelen, der det er lik fartsgrense gjennom så og seia heile tunnelen.

Tre kilometer før og etter

Målet med streknings-ATK er å få farten ned på lovleg nivå over ei lengre strekning. Vegvesenet meiner den nye målingstypen gir tre gongar så god effekt som punktvis trafikkontroll. Politiet trur det hindrar køyring i rykk og napp, eller sokalla «kengurukøyring», og meiner det er til det beste, også for bilistane.

– Folk er klar over kvar fotoboksane står. Ein kan sjå på fartsnivået at det gjerne er for høg fart både før og etter. Fotoboksane har ein effekt tre kilometer før boksen og tre kilometer etter, forklarar Akselberg.

– Det er då politiet kjem inn i biletet, med kontrollar andre stader på strekninga. Fotoboksane er sett opp der dei trengst, til dømes på strekningar som er ulukkesutsett. Etter kvart som den statistikken går ned, kan ein flytta fotoboksane.

Desse fotoboksane tok inn mest pengar (2013)

Strekning

Bøter i kroner

Snittbot i kroner

Rælingstunnelen, mot Lillestrøm

9.451.900

1737

E39 Mannsfjelltunnelen, Skaun

8.538.700

1924

E18 Baneheitatunnelen, vestover, Kristiansand

6.929.000

2261

Rv4 Åneby, Nittedal

6.676.600

1590

E16 Arnanipatunnelen, austover, Indre Arna

4.101.600

1383

Bjørndalskogen

3.909.500

1346

Rv7 Veme, austover, Ringerike

3.821.000

2256

E18 Hovet/Brattås, Porsgrunn

3.797.500

1785

Rv301 Langestrand, nordover, Larvik

3.095.900

1282

Rv150 Granfosstunnelen, Ring 3 Oslo

3.068.000

1434

Ekspander/minimer faktaboks

Desse fotoboksane tok flest fartssyndarar i snitt (2013)

Strekning

Talet på bøter

Kontrollerte

Lovbrot i %

E16 Dale, vestover

2173

95.510

2,28

E16 Arnanipatunnelen, austover

2965

371.943

0,80

E18 Hovet/Brattås, Porsgrunn

2127

266.142

0,80

Fv580 Helldalen, austover

1768

229.546

0,77

Rv150 Granfosstunnelen, Ring 3 Oslo

2139

349.672

0,61

Rv190 Vålerengatunnelen

1161

198.057

0,59

E39 Mannsfjelltunnelen, Børsa

4437

852.527

0,52

E16 Dale, austover

1177

239.467

0,49

Rv23 Vitbank, Lier

1128

229.081

0,49

Bjørndalsskogen, Bergen

2905

652.983

0,44

Ekspander/minimer faktaboks