Hopp til innhold

Fann bil i skråning – politiet leitar etter sjåføren

Ein personbil køyrde utfor vegen og hamna ti meter ned i ein skråning på Fanafjellet i natt. Då politiet kom fram var det ingen personar å sjå i nærleiken.

Stjålet bil utfor Fanafjellet

UTFOR VEGEN: Den stolne bilen ligg på sida utfor vegen på Fanafjellet. Politiet søkjer no med hund etter sjåføren.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Vi fekk melding av ein busspassasjer. Vedkommande har observert ein bil liggande 10–15 meter ned i ein skråning ved Rambergstunet, sa operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til NRK like før klokka 08.00 då utforkøyringa vart meldt.

Det var først ikkje kjent for dei om det var personar inne i bilen. Alle naudetatane rykka ut.

Leita med hundepatrulje

Ein hundepatrulje frå politiet rykka også ut, og det vart gjort søk i terrenget rundt bilen etter sjåfør og eventuelle passasjerar.

– Dei søka har ikkje gitt resultat så langt. No etterforskar vi for å finne ut kvar personen eller personane har tatt vegen, seier innsatsleiar Caspar Kaland.

Bilen, ein svart BMW, har fått omfattande materielle skader. Den hamna på sida nede i terrenget etter å ha køyrt rett utfor vegen i ein slak venstresving på veg sørover over Fanafjellet.

– Vi får håpe på det beste, at ikkje sjåfør eller andre har fått skader, seier Kaland.

Føraren og eventuelle passasjerar var ikkje å sjå når politiet kom til staden.

Bil meldt stolen

Politiet sjekkar også opp i opplysningar om at ein tilsvarande bil er meldt stole frå ei adresse på Sandsli i natt. Politiet trur det er snakk om same bil.

– Vi har opplysningar om det og undersøkjer tipset nærare, seier operasjonsleiar Erik Hole.

Det vart brukt kranbil for å få bilen opp av terrenget og politiet dirigerte trafikken.