Hopp til innhold

– Krøll tunga og hiv deg fram

Årets NM i Morellesteinspytting i Hardanger er over for denne gongen. Her kan du lese tipsa frå Noregsmeistrane om korleis du kan perfeksjonere teknikken.

Morellfestival vinnarane 2014

DELER TPSA: Årets meistrar i morellesteinspytting Øyvind Gjuvsland frå Suldal i midten, saman med konkurrentane Christer Arnevik og Øyvind Ramberg.

Foto: Tale Hauso

Noregs «søtaste festival», Morellfestivalen på Lofthus i Hardanger vart arrangert for 19. gong i år. Festivalen blei skipa i 1996 for å fremja kunnskapen om morelldyrkinga i Hardanger, men etter kvart har festivalen blitt like kjent som åstaden for Norgesmeisterskap i morellesteinspytting.

Festivalleiinga kallar det sjølv ein av dei sterkast veksande folkesportane i Noreg, og om det ikkje er det, er dette noregsmeisterskapet i alle fall ein attraksjon av dei sjeldne.

– Det er vel den einaste dagen i året eg har fordelen av å ha minst 10 kg for mykje, seier Øyvind Gjuvsland, Noregsmeister i morellesteinspytting 2014.

Årets NM-vinnar meiner litt mage kan vere ein fordel i denne sportsgreina. Han spytta heile 11, 51 meter i dei innleiande rundane, og gjekk av med sigeren i finalen med eit spytt på 10, 98 meter.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Øyvind Gjuvsland spytta heile 11, 51 meter i dei innleiande rundane, og gjekk av med sigeren i finalen med eit spytt på 10, 98 meter.

– Start spyttinga i ung alder

Dei lærde stridast om korleis ein kjem på pallen under NM i morellsteinspytting. Å byrje i ung alder, er ein fordel meiner årets Noregsmeister.

– Eg har spela fotball i alle år og då går ein jo rundt og spyttar under alle kampane. Me spytta jo mykje òg då me var små gutar, seier Gjuvsland.

Trikset ligg gi å krølle tunga og samle opp luft i lungene før ein bles ut alt på ein gong, meiner morellesteinspyttaren.

– Du må lene deg bak og hive deg fram for å få kraft i spyttet.

Å tygge godt av alt kjøtet på steinen før ein spyttar er essensielt.

– Eg får kjeft av frua for at eg trenar for lite. Eg burde nok ha øvd inn litt meir teknikkar. Men det heldt like vel til siger i dag, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sara Lutro, morellfestivalen

UNG TALENT: Sara Lutro 13 år frå Lofthus vann juniorklassen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Har perfeksjonert spytteteknikken

NRK-fysikar, Andreas Wahl, er dobbel noregsmeister i morellsteinspytting frå før. Han spytta det lengste spyttet på 12,19 meter, men kom likevel på fjerdeplass i år.

– Tipset eg kan gje er å vere høg, ler han. Det fungerer for meg.

Noko det kanskje er lettare å gjere noko med om ein har ambisjonar om NM neste år, er å bruke mykje luft.

– Lufta må starte raskt, og så må ein forme munnen og tunga i ei takrenneform. Det er ikkje alle som vel den teknikken. Men dei aller fleste rullar tunga og lukkast med det, seier Wahl.

Andreas Wahl

GODE TIPS: NRK-fysikar, Andreas Wahl, meiner at lungevolum er viktig.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han meiner lungevolum er viktig. Men understrekar at både trente og utrente har ein god sjanse til å gjere det godt i akkurat dette Noregsmeisterskapet.

– Stå med eit bein fremst

Fotteknikk har mykje å seie for å lukkast i sporten, meiner Wahl.

– Eg står med eit bein framfor det andre. Slik ein gjerne gjer når ein skal kaste noko. Dei som ser på seier eg òg gjer noko spesielt med armane og beveger dei opp og ned ein gong per spytt. Eg trur det hjelper for å få mykje luft ut av munnen raskt.

Den tidlegare Noregsmeisteren kom på fjerdeplass i år, men har store planar om revansje under 20-års jubileet til Morellfestivalen neste år.

– Eg har testa ut alt. Kva vinkel som er best å stå i, ulike måtar å ha munnen på, eg har drive litt forsking på det her. Men dei beste hemmelegheitene held eg for meg sjølv.

NRK klarar å lure eit siste tips ut av Wahl.

– Eg likar å tygge steinen opp til spyttinga. Då får ein litt vatn i munnen som gjer at steinen flyg lett ut.

Morellsteinspytting

ULIKE STILAR: Dei lærde stridast om korleis ein kjem på pallen under NM i morellsteinspytting. Her har Øyvind Ramberg frå Lofthus funne sin stil og kom på tredjeplass i konkurransen.

Foto: Tale Hauso / NRK