Hopp til innhold

Her passerer gigantplattforma det kritiske punktet

Med berre 14 meters klaring til sjøbotn og 20 meter opp, klarte Aasta Hansteen-plattforma torsdag kveld å passere kraftlinjene i Langenuen.

Aasta Hansteen-plattforma skal til havs. Men først måtte ho gjennom Langenuen.

SJÅ VIDEO: Flammetårnet på plattforma hadde berre 20 meters klaring til kraftlinja i Langenuen, då slepet passerte torsdag kveld. Videoen syner størstedelen av den kring fem minutter lange passeringa i seksdobla tempo.

– Dette blir ein spennande jobb, seier Odd Magnus Stenevik.

Han er kaptein på ankerhandteringsskipet «Skandi Vega», som er ein av slepebåtane som skal frakta Aasta Hansteen-plattforma til havs.

Båtane skal slepa plattforma frå Stord til Aasta Hansteen-feltet, som ligg 300 kilometer nordvest for Sandnessjøen. Ferda til Norskehavet vil ta tolv dagar.

Plattforma veg 70.000 tonn, måler 320 meter frå toppen av flammetårnet til botn, og er den største i sitt slag i verda.

Aasta Hansteen kraftlinjer Langenuen

KRITISK PUNKT: Her passerer Aasta Hansteen-slepet kraftlinja i Langenuen i 19-tida torsdag.

Foto: Mette Anthun / NRK
Aasta Hansteen i Langenuen

VED LANGENUEN: Slepet fotografert frå lufta, i 17-tida torsdag.

Foto: Dyveke Maiken Buanes / NRK
Platformen Aasta Hansteen skal ut på en 12 dager lang reise før den er fremme der den skal være.

LANGT SLEP: Det vil ta tolv dagar å slepe Aasta Hansteen til gassfeltet i Norskehavet.

Kaptein: – Krevjande

Dei fem slepebåtane som skal få kjempeplattforma på plass, har til saman ei trekkraft på opp mot 1600 tonn.

Slepet blir det største som er gjennomført på norsk sokkel sidan Troll A-plattforma i 1995.

Kaptein Stenevik trur slepet blir krevjande. På vegen mellom Digernessundet på Stord og Marstein fyr er det fleire utfordringar, med små klaringar både ned mot havbotnen og opp til kraftlinene, påpeikar han.

Særleg utfordrande blir det kring Langenuen, der slepet må gå heilt inntil land, for å koma under kraftlinjene.

– Vi må gå heilt inntil land, slik at flammetårnet kjem seg under på det høgaste punktet, fortel Helge Hagen, prosjektleiar for subsea-delen av Aasta Hansteen-prosjektet i Statoil.

I 19-tida torsdag passerte plattforma kraftlinjene. Smånervøse tilskodarar hadde inga grunn til å engsta seg – i løpet av kring fem minutt var ho trygt forbi leidningane.

Flammetårnet hadde 20 meter opp til kraftlinja, og 14 meter ned til sjøbotn.

Aasta Hansteen-slepet frå Stord

GOD UTSIKT: Mange som bur i Sunnhordland får med seg den spektakulære turen i dag.

Foto: Olaf Nagelhus / Woldcam

– Mykje fint å sjå langs kysten

Statoil seier dei har førebudd seg grundig saman med leverandøren Subsea 7 og underleverandørane før slepet.

– Eg er ikkje engsteleg. Eg trur vi har gjort alt som skal gjerast. Men, det er klart, det blir gøy, seier prosjektleiar Hagen.

Han gler seg over gode vêrmeldingar, og oppmodar folk til å ta turen ut til kysten for å sjå.

– Vêret er ein stor føremon for slepet, og gjer også at vi vil få veldig flotte bilete. Det blir også mykje flott å sjå for folk langs kysten oppover, seier Hagen.

Aasta Hansteen slep

SJÅ ANIMASJON: Slik ser Statoil føre seg at slepet av plattforma skal bli gjennomført.