Hopp til innhold

- Det er ufatteleg, dei to har alltid vore nære vener

Ein nær slektning av den drepne 27-åringen og den sikta broren, fortel at ho er i sjokk over det som har skjedd. – Dei to har allid vore gode vener.

Knivdrapet i åane

KNIVDRAP: Her vart ein 27 år gammal mann knivdrept natt til laurdag i Åsane i Bergen. Den tre år gamle yngre broren har tilstått drapet.

Foto: Remi Boe Presttun

– Dei to har alltid hengt saman, og dei har vore gode vener heile livet. Det her er ufatteleg, seier kvinna til NRK.

No har den 24 år gamle broren tilstått både drapet og straffeskyld.

– Det oppsto ein uoverenstemmelse, og situasjonen kom ut av kontroll, seier forsvarar Egil Jordan, til NRK.

Hadde akkurat fått seg kjærast

For få dagar sidan oppdaterte den avdøde sin eigen Facebook-profil med statusen «Dette har vært de beste dagane jeg har hatt på lenge». Med den statusen sikta han til ei jente han nyleg var blitt kjærast med, seier kvinna.

– Eg vart så glad på hans vegne då eg skjøna at han hadde fått seg kjærast. I det siste har han hatt det veldig bra. Han var på mange måtar annleis i det siste, han verka så lukkeleg, fortel ho.

Eit liv prega av rus

Ifølgje kvinna har både den sikta og avdøde slite med rus store delar av livet. For kort tid sidan kom avdøde ut av rehabilitering, fortel ho.

Då hadde avdøde vore innlagt i om lag åtte månadar.

Ho fortel vidare at han hadde nyleg hadde byrja og trene og at det generelt verka som at han såg på det heile som ein «ny start». Difor er det så vanskeleg å ta inn over seg at dette har skjedd, seier kvinna.

– Dei har alltid vore gode vener. Det er ikkje tvil om at dei har vore igjennom mykje. Mykje har skjedd i familien, og dei har hatt problem eg ikkje vil gå nærare inn på, men dei to har alltid heldt ut saman. Det er rett og slett berre eit enormt sjokk, seier ho.