Hopp til innhold

Slåstkamp i Bergen sentrum

Politiet fekk klokka 01:14 melding om at fem-seks personar var involverte i ein slåstkamp utanfor ein utestad i Christian Michelsens gate i Bergen sentrum. Fleire patruljar rykte ut til staden, og ein person vart send til legevakt. – Alle dei involverte er menn i starten av 20-åra, men vi er enno ikkje heilt sikre på kva som har skjedd, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen. Det vert oppretta sak.