Hopp til innhold

Slåsting på Osvegen

Politiet rykte ut etter meldingar om slåsting i ein bustad i Osvegen. Ein av dei skal ha vist fram kniv, men denne vart ikkje brukt. Begge er oppegåande, men ein av dei har fått slag i andletet. Det er snakk om lettare skadar. Politiet opplyser at det er uklart kva som har skjedd, men at dei to mennene i 20-åra kjende kvarandre frå før. – Dei får tilsyn av helse. Vi oppretter sak, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold