NRK Meny
Normal

Halvorsen fjernar ikkje eigen karakter i sidemål

Kunnskapsministeren vil ikkje slå saman hovudmål og sidemål til ein karakter. – Nynorsken er berga, jublar nynorskforkjemparar. – Provoserande, meiner landslaget for norskundervisning.

Regjeringa endrer likevel IKKE systemet med egne karakterer og eksamener i sidemål.

SJÅ VIDEO: Kristin Halvorsen meiner elevane må visa kva dei kan i både sidemål og hovudmål.

Nyhenda vert presentert av kunnskapsminister Kristin Halvorsen klokka 11.00 i føremiddag.

Kunnskapsdepartementet har tidlegare føreslått å sløyfe karakter i sidemål i ungdomsskule og vidaregåande skule. Dei faglege råda har vore å ha éin samla karakter for både hovudmål og sidemål.

Men i dag slår statsråden fast at forslaget ikkje vil bli gjennomført, og at ein ikkje endrar systemet med eigne karakter og eksamenar i sidemål.

– Elevane må visa kva dei kan

Kristin Halvorsen

INGEN ENDRING: Kristin Halvorsen vil framleis la elevar på vidaregåande og ungdomsskulen ta eksamen i både nynorsk og bokmål.

Foto: Elisabeth Aas / NRK

Departementet kunngjorde i dag at ordningar blir som før, og at det framleis vert både standpunktkarakterar og eksamenar i sidemål det siste året på ungdomsskulen og på vidaregåande skule.

– Vi beheld systemet slik det er i dag. Vi held fram dagens eksamensordning og med tre standpunktkarakterar i norsk: munnleg og skriftleg i hovudmål og sidemål.

I fjor meinte Halvorsen at det er urealistisk å forlanga at elevane er like gode i begge måla, og opna for å fjerna sidemålskarakteren i ein ny læreplan.

Ministeren meiner norske skuleelevar må bevise at dei meistrar både nynorsk og bokmål.

– Det gjer me fordi vi meiner det er viktig a televane må visa kva dei kan, både i hovudmål og sidemål, når dei går ut av 10. klasse og ut av vidaregåande.

LES OGSÅ: Bare éin av fire meiner sidemål er viktig

Jubel i mållags-SV

Oddny Miljeteig

JUBEL: Oddny Miljeteig i SV i Bergen seier det har vore ein kamp blant mållagsfolk i SV for å halda fram med eigen sidemålskarakter.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I Bergen jublar nynorskforkjempar Oddny Miljeteig. SV-politikaren har sjølv mana til kamp mot endringa.

– Mållags-SV har definitivt vunne fram. Det betyr at likestillinga av nynorsk og bokmål frå Stortinget i 1885 faktisk vert ståande fast. Halvorsen har heldigvis høyrt på oss, seier ho til NRK.no.

Ho meiner det opphavlege forslaget frå departementet ville ha undergrave nynorsken, og at språket førebels har vunne ein siger og er berga.

Vervekampanje i protest

Miljeteig tok sjølv affære då ministeren frå eiga parti tok til orde for fjerna sidemålskarakteren. Sidan januar i fjor har ho stått bak ein storstilt vervekampanje for mållaget.

Fram til nyhenda om at sidemålet forblir urørt har Miljeteig skaffa nesten 430 medlemmar til Noregs Mållag – i protesten mot Halvorsen.

Men det er truleg ein god del skuleelevar som ikkje jublar like mykje som Miljeteig. På spørsmål om dette er ein dårleg måte å skaffe veljarar, svarar ho slik:

– Der er mange nok som marknadsførar seg på billeg sprit og å brenna nynorskordlister. Så me må ta den kampen, seier Miljeteig.

– Provosert

– Eg er veldig skuffa og ganske provosert. Det må ei endring til.

Det seier dagleg leiar i landslaget for norskundervisningen, Kjersti Rogne Solbu.

– Det har vore ei brei semje i Skule-Noreg og i fagmiljøa om at dagens ordning ikkje fungerer. Då er det veldig rart at dei vel å halde fram med ordninga. Nivået på sidemålstekstar er ikkje godt, slik det er i dag.

Ho seier dei aldri har føreslege å fjerne sidemålet, men å slå sidemål og hovudmål sama til ein skriftleg karakter.

Utdanningsdirektoratet foreslo å kutte ut sidemålseksamen siste året på vidaregåande, og heller ha ein obligatorisk skriftleg eksamen etter vg2.

Forslaget vart støtta av norsklærarane, men skrinlagt av Halvorsen.

– Dette ville ha auka trykket på sidemålsundervisninga og sikra at kompetansen til elevane vart dokumentert på vitnemålet, seier Solbu.

Regjeringa endrer likevel IKKE systemet med egne karakterer og eksamener i sidemål.

HØYR: Kristin Halvorsen om sidemålskarakteren på ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.