NRK Meny
Normal

Slår fast at for lite salting var årsak til at 60 bilar kolliderte

Havarikommisjonen legg skulda på eit krevjande og brått vêromslag og delvis dårleg salting i den store kjedekollisjonen i Eidsvåg i Bergen.

Kjedekollisjon på E39 i Eidsvåg

KJEDEKOLLISJON: 60 bilar kolliderte i kjedekollisjonen i Eidsvåg 22. februar 2016. No har Havarikommisjonen konkludert.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Klokka 06.30 22. februar 2016 gjekk det gale på E39 i Eidsvåg nord for Bergen. Ein eller fleire bilar mista kontrollen ved avkøyringa til Eidsvåg, rett nord for Eidsvågtunnelen. Personbilar sklei på blank is og vogntog kom siglande.

I løpet av kort tid kolliderte totalt 60 bilar i ein massiv kjedekollisjon som strakk seg over 200 meter. Politiet sa den gong at det truleg var snakk om den største kjedekollisjonen i Noreg nokosinne.

No har Statens havarikommisjonen konkludert i ein endeleg rapport. 45 bilar fekk skader, men ingen personar blei alvorleg skadd i ulukka.

Glatt vei i Eidsvåg i Bergen etter kjedekollisjon

FRYST: Havarikommisjonen meiner dette biletet viser kor glatt vegbanen var. Fukta i vegbanen fraus til is i løpet av få minutt.

Foto: Politiet

Gir vêromslaget større grad av skuld

I ein rapport frå november 2016 konkluderte Statens vegvesen med at vegentreprenøren, Stor-Bergen vegdrift, ikkje hadde salta vegane godt nok i forkant av ulukka.

I den ferske rapporten legg Havarikommisjonen meir vekt på det brå vêromslaget som oppstod på svært kort tid.

– Forholda på vegen må nok seiast å vera hovudfaktoren for at ulukka skjedde, seier avdelingsdirektør Rolf Mellum i Statens havarikommisjon for transport.

Dekket utanfor Eidsvågtunnelen var dekt med is, etter at vêret natt til 22. februar var prega av regn- og sluddbyer. Seint på natt og tidleg morgon fall temperaturen og skylaget klarna opp, medan vindretninga dreia.

Desse faktorane bidrog til at temperaturen i det våte vegdekket fall så mykje at køyrebanen fraus til is i løpet av få minutt.

– Her var det veldig mange trafikantar som ikkje hadde oppdaga kva som hadde skjedd, konstaterer Mellum.

Kjedekollisjon E39 Eidsvåg

STORE SKADER: Fleire personbilar og vogntog var involvert i kjedekollisjonen i Eidsvåg. Entreprenøren gjorde ikkje ein god nok jobb med å salta, konkluderer Havarikommisjonen.

Foto: Lasse Sleire

– Visste om faren, men strødde for lite

Natta før hadde entreprenøren fylgt situasjonen tett og var obs på faren for at det truleg ville frysa på utover natta.

Havarikommisjonen konkluderer med at vegentreprenøren hadde identifisert faren, men at dei gjorde for lite.

– Kommisjonen konkluderer med at det kanskje burde ha gjort tiltak noko seinare, men ser samstundes at entreprenøren har oppfylt krava i kontrakten, seier Mellum.

Fleire forhold i saltejobben førte til at kjedekollisjonen likevel skjedde:

  • Saltemannskapet strødde vegstrekninga der ulukka skjedde to gongar – klokka 21.36 og 02.57. Dette var ifølge SHT ikkje hyppig nok.
  • Det var for lite restsalt i vegbana då ulukka skjedde. Strøbilen sin fart og styringa av saltspreiaren var medverkande årsaker til at ikkje nok mengder salt blei lagt ut. I tillegg var ikkje trafikkmengda på E39 tilstrekkeleg til at salta blei bearbeidd på best eigna måte.
  • Fleire av operatørane i entreprenørselskapet mangla kurs i vinterdrift.

Kjedekollisjon på E39 i Bergen - politiets foto

E39: Kjedekollisjonen lamma morgonrushet inn mot Bergen sentrum 22. februar. 60 bilar var involvert.

Foto: Politiet

Avdelingssjef i Stor-Bergen vegdrift, Kjetil Færøy, vil ikkje kommentere saka og viser til Gunnar Kråkenes, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Han meiner rapporten seier at det å halde vegen isfri er ei utfordring.

– Vi fekk glatt veg og det er kritikk nok for oss. Vi arbeider døgnet rundt for å unngå dette, og ei slik ulykke gjer jo at vi føler at vi har tapt slaget, seier Kråkenes.

– Trafikantar forventar bar veg

Havarikommisjonen meiner at saltløysing i kombinasjon med hyppigare strøing, ville ha gitt betre effekt, men gir ingen garanti for at entreprenøren ville ha klart å halda vegen bar.

Avdelingsdirektøren presiserer samstundes at trafikantane har ein forventing til bar veg på det som er hovudinnfartsåra til Bergen.

Gunnar Kråkenes, Statens vegvesen

VEDGÅR FEIL: Gunnar Kråkenes, prosjektleiar i Statens vegvesen seier verforholda denne dagen var svært utfordrande.

Foto: NRK

– I tilfelle med såpass krevjande vêrforhold må entreprenør og vegeigar vurdera å gå utover rammene kontrakten, eller finna løysingar som kompenserer for at dei ikkje klarar å halda vegen bar.

Kråkenes trur at dersom dei hadde strødd oftare kunne denne ulykka kanskje vore unngått.

– Sånn som været var da ulykka skjedde, så er det det mest utfordrande værforholdene vi kan få, seier Kråkenes.