Hopp til innhold

Tilsette slår alarm: – Pasient venta i 15 timar utan at nokon visste det

Tillitsvalde melder om uakseptable forhold ved Stord sjukehus. – Det er den verste sommaren vi nokon gong har opplevd.

Stord

SLÅR ALARM: Pasientar har lege og ropt på hjelp i timevis og tilsette har svima av på jobb grunna arbeidspress her på Stord sjukehus i sommar, ifølge dei tilsette.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Dei tilsette ved kirurgisk avdeling rapporterer at det var fælt å arbeida i sommar. Dei er slitne, oppgitte og fortvilte over at dei ikkje fekk varetatt pasientane som dei skal, seier Karin Bell Trældal.

Ho er hovudtillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund ved Stord sjukehus.

Det er den verste sommaren vi nokon gong har opplevd.

Karin Bell Trældal, hovudtillitsvald

På det meste hadde avdelinga over dobbelt så mange pasientar som dei har plass til.

– Det er den verste sommaren vi nokon gong har opplevd. Hendingar som i år har vi ikkje sett før. Det er heilt uakseptabelt. Vi skal ikkje ha det sånn, seier Trældal.

Lang liste

No har ho sendt brev til fylkeslegen for å varsla om forholda.

Dei tilsette har lista opp ei rekkje hendingar i sommar. Dette er nokre få av punkta i evalueringsrapporten:

  • «Pasientar har lege og ropt i fleire timar då pasienten ikkje hadde tilgang på pasientklokke.»
  • «Ein pasient har vore i avdelinga i 15 timar utan at nokon har visst om vedkomande.»
  • «Pasientar er ikkje blitt vaska eller stelt før langt på dag.»
  • «Svært mange nyoppståtte trykksår som eit resultat av at pasientar ikkje vert snudd og vert liggande våte.»
Stord3

VARSLAR: Karin Bell Trældal er hovudtillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund Stord sjukehus. No har ho sendt brev til Fylkeslegen om det ho meiner er uakseptable forhold ved sjukehuset.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det er heilt ubegripeleg, om eg skal vera bånn ærleg, men det seier noko om trykket dei har hatt, seier Trældal.

Det er veldig uvanleg med den tilstrøyminga av pasientar om sommaren som vi hadde i år.

Reidun Rasmussen Mjør, klinikkdirektør

Ein erfaren tilsett skal ha svima av på vakt på grunn av uuthaldelege forhold, ifølgje den tillitsvalde.

– Dei har tatt inn for mange pasientar, enkelt og greitt, seier Trældal.

– Må seia stopp

Sjukepleiarforbundet varsla på møte før sommaren at dei var bekymra for korleis sommaren skulle bli for tilsette og pasientar. Trældal meiner leiinga no må seia stopp:

– Leiinga, på eitt eller anna nivå, må seia at vi ikkje kan ta imot fleire pasientar. Dei må anten venta eller bli sendt til eit anna sjukehus.

– Dette å seia stopp, er ei utfordring. Der må vi få eit endå betre system, seier Reidun Rasmussen Mjør, direktør for somatisk klinikk ved Stord sjukehus.

Stord2

VIL IKKJE KONKLUDERA: Reidun Rasmussen Mjør er direktør for somatisk klinikk ved Stord sjukehus, og vil enno ikkje slå fast at forholda har vore uforsvarlege.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Ho vil ikkje seia at drifta har vore uforsvarleg. Men Mjør er samd i at det har vore ein uvanleg travel sommar. Ho forklarar problema med uvanleg mange uplanlagde pasientar kombinert med ferieavvikling.

– Dei som treng akutt hjelp, må få koma. Sånn må det bli. Og vi må avvikla ferie på eit tidspunkt. Det er veldig uvanleg med den tilstrøyminga av pasientar om sommaren som vi hadde i år, seier Mjør.

Skal vurdere hendingane

No skal sjukehuset sjå på alle enkeltsituasjonane og vurdere dei i etterkant.

Trældal håpar det vil føra til fleire tilsette på sjukehuset.

– Vi må få opp talet på sjukepleiarar og stillingsstorleikar. Dei som jobbar her har ein knalltøff kvardag, og eg gjer full applaus for innsatsen dei faktisk gjer, seier Trældal.