Leiinga i slakteriet Fatland Ølen reknar derimot med å kunne drive tilnærma som normalt på tross av dei nye restriksjonane frå syresmaktene som trer i kraft frå måndag. Dermed vert ingen av dei 160 tilsette permitterte i denne omgang.
Transportforbodet er eit tiltak for å hindre munn- og klauvsjuke-smitte, og Daugaard trur dette etter kvart vil føre til at det blir lite kjøt i butikkene.
Kan ikkje samla dyr
Forbodet inneber truleg at Gilde ikkje kan samle dyr frå fleire gardar før dei blir frakta til slakteriet. Regjeringa har varsla restriksjonar på dyretransport for å hindre spreiing av munn- og klauvsjukesmitte.