Hopp til innhold

Slagsmål på Festplassen

Klokka 03.00 i natt fekk politiet melding om at fire personar hadde gått laus på to personar på Festplassen i Bergen. Det vart delt ut slag og spark ifølge vitneskildringar, men då politiet kom til staden stod berre dei to fornærma att. Ein person vart sendt til legevakta for ein sjekk, medan to personar seinare vart henta inn til arresten. Alle dei involverte er menn tidleg i 20-åra.