Hopp til innhold

Seks personar i slagsmål

Politiet måtte rykke ut då fleire personar rauk i tottane på kvarandre i Morvikveien.

Fem tilsette ved ei bedrift i Morvikveien i Åsane vart oppsøkt av ein anna person frå deira tidlegare arbeidsgjevar i føremiddag.

– Det har vore høglydt krangling og slåsting på staden, så vi var nøydde til å rykke ut, fortel operasjonsleiar Janne Steimler Sætre i politiet til NRK.

Men då politiet var framme på staden hadde bråkmakaren reist frå staden.

– Vi leitar etter vedkommande no. Så må vi ta oss ein prat med dei involverte for å høyre kva dette var for noko, avsluttar operasjonsleiaren.