300 nederlandske soldatar skal ha vinterøvingar i dei populære fjellområda midt i ferien.
- Det er klart at dette er sjenerande, både støymessig og når det gjeld turval, meiner leiar i Mjølfjell Vel, Jan Ohldieck.
Irritert over militæret
Oberst Oddmund Nygård meiner dei har full rett til dette, medan leiar Jan Ohldieck i Mjølfjell Vel er irritert over at militæret ikkje tek omsyn.
- Det er beklageleg at det her er kolliderande interesser. Mange er ute i løypene på Mjølfjell når Forsvaret skal ha øvingar, seier han.
Mjølfjell er eit populært område for skituristar. (Foto: Anette Berentsen/NRK)