Hopp til innhold

Skytebane kan bli stengd for godt etter at Annie (84) fekk kule tvers gjennom huset

Ein mann er sikta etter at eit skot trefte bustaden i Fana. – Mistanken om at skotet kom frå skytebanen, er styrka.

Annie Seim fikk kule gjennom veggen

TETT PÅ: Annie Seim fekk ei kule frå skytebanen tvers gjennom huset. Kula passerte rett bak ryggen hennar då ho kom inn med terasseputene og kula passerte svært tett på sofaen der ho sat eit minutt tidlegare.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Skytebanen på Stavollen i Fana kan bli stengd for godt etter at det som mest truleg var eit vådeskot frå skytebanen på Stavollen, gjekk tvers gjennom to husveggar i bustaden til Annie Seim.

Kula gjekk gjennom ytterveggen, inn på kjøkenet og trefte neste kjøkenvegg. Deretter kom ho ut på motsett side og inn i stova. Etter mykje leiting fann Seim kula under sofaen.

– Det er eit under at det gjekk så bra, sa Seim til NRK dagen etter hendinga.

Stavollen skytebane

Mann melde seg

Politiet slo tidleg fast at prosjektilet truleg stamma frå skytebanen, som ligg i overkant av to kilometer unna huset. Banen blei umiddelbart stengd.

Fana skyttarlag stadfesta at det var trening før jaktsesongen den aktuelle kvelden. Kula som råka bustadfeltet er grovkalibra og stammar frå jaktammunisjon. Styreleiar i skyttarlaget, Atle Skogstrand, ville ikkje avvisa at kula kom frå Stavollen.

Nokre dagar seinare melde ein mann i 60-åra seg til politiet. Han er rutinemessig sikta for uforsiktig omgang med våpen. Krimteknikarar frå Kripos blei kalla inn for å undersøka prosjektilet og gjera undersøkingar for å kartlegga banen til prosjektilet.

Bård-Tore Norheim

POLITISTASJONSSJEF: Bård-Tore Norheim vurderer å stenga banen.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Banen kan bli stengd

Politiet i Fana ventar enno på ei stadfesting frå Kripos om at kula stammar frå Stavollen.

– Men det eg kan seia, er at mistanken om at skotet kom frå skytebanen, er styrka, seier politistasjonssjef i Bergen sør, Bård-Tore Norheim.

Kan det bli aktuelt å stenga banen for godt dersom Kripos konkluderer med at kula stamma frå Stavollen?

– Det kan verta eitt utfall. Banen kan bli bestemt stengd i sin heilskap, eller det kan bli gjort avgrensingar, til dømes ved at ein berre tillèt skyting med finkaliber, seier politistasjonssjefen.

Norheim seier at ei slik avgjerd må vurderast ut frå at skytebanen ligg i eit tettbygd område, med både bustadfelt, idrettsanlegg og store næringsområde.

– Det kan tilseia at heller ikkje bruk av finkaliber er trygt nok, seier Norheim, som understrekar at politiet ventar på Kripos sitt endelege svar.

– Banen tilfredsstiller krava

Atle Skogstrand, styreleder i Fana Skytterlag

– BEKLAGELEG: Styreleiar i Fana Skytterlag, Atle Skogstrand, meiner det som har skjedd er svært leit. Han ventar på beskjed frå politiet, før han vil spekulere i ei eventuelt permanent stenging.

Foto: Asle Hella / NRK

Styreleiar i Fana Skytterlag, Atle Skogstrand, seier han enno ikkje har høyrt noko frå politiet. Han håpar på ei snarleg avklaring, og på innspel til tiltak dei kan gjera for å redusera risikoen.

Styreleiaren vil ikkje kommentera utspelet om at ei permanent stenging kan bli aktuelt.

– Det får stå for politiet si rekning. Eg vil ikkje spekulera i kva som eventuelt kan bli konsekvensen av Kripos sin konklusjon. Dei førebelse tilbakemeldingane frå politiet, går på at det ikkje er funne vesentlege avvik ved banen. Me held oss til at banen er godkjend og tilfredsstiller tryggleiksforskriftene, seier Skogstrand.