Skyss får kjeft for aggressive billettkontrollar

SV-politikar Tom Skauge meiner Skyss overdriv kontrollane på buss og bybane.

Bybanen

FOR LANGT? Enkelte meiner Skyss no har gått for langt i sine omfattande kontrollar på Bybanen og buss.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Skyss skyt sporv med kanonar i kampen mot dei som reiser utan billett, meiner Tom Skauge (SV).

– Kontrollar må til. Men eg tykkjer dei overdriv no, seier Skauge.

Det er dei so kalla storaksjonane til Skyss, Skauge reagerer på. Skyss har den siste tida gjennomført kontrollar der 15–20 kontrollørar stoppar bussar og bybanevogner mellom to stoppar for full billettkontroll.

Målet er at snikarane ikkje skal komme seg ut i det kontrollørane stig på.

Meiner Skyss må roe ned kontrollane

Tom Skauge

– SKYSS OVERDRIV: Tom Skauge (SV) meiner Skyss må roe ned storkontrollane på bybanen og bussar.

Foto: Sølve Rydland

Skauge meiner jakta på dei som ikkje har billett går ut over alle dei andre.

– Problemet er ikkje at det er ubehageleg for dei som vert tatt. Problemet er at det er ubehageleg for dei 99 prosent andre ærlege passasjerane som har billetten i orden.

– Kontrollane må tilpassast der etter, meiner han.

LES OGSÅ: Skyss varsler flere storkontroller på bussen | Desse tabbane kan koste deg dyrt

– Kontrollane er ikkje til sjenanse

Målfrid Vik Sønstabø i Skyss

AVVISER KRITIKKEN: Målfrid Vik Sønstabø i Skyss meiner storkontrollar er nødvendig.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

Målfrid Vik Sønstabø i Skyss meiner aksjonane har vore vellukka, og ikkje er til sjenanse for passasjerane som har alt på det reine.

– Me trur dette kan vere eit av fleire midlar for å halde talet på dei som snik nede og få fleire til å reise gyldig, seier ho.

Sønstabø kjenner seg ikkje att i kritikken og meiner dei relativt få storkontrollane har vore vellukka.

– Me ser at det avdekker litt fleire snikande enn i dei vanlege kontrollane. Tilbakemeldingane frå dei reisande har også vore positive. Det er mange som har etterlyst og ønska eit sånt tiltak.

LES OGSÅ: Stenger bakdøren for gratispassasjerer

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.