Hopp til innhold

Vil ha færre kontrollar på Bybanen

Billettkontrollane på buss og bybane kostar Skyss fem millionar kroner i året. Arbeiderpartiet reagerer på pengebruken, og vil ha færre kontrollar.

Bybanen i Bergen

HYPPIGE KONTROLLAR: Heile 950 000 blei kontrollert i 2012, flesteparten av dei på Bybanen. 4900 vart tekne utan billett, og fekk bot.

Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen

– Får eg skanne kortet ditt?

Reiser du ofte med Bybanen, har du nok høyrd dette spørsmålet frå ein vektar før.

For kvar dag, fleire gonger om dagen, er dei på plass for å sjekke at alle passasjerar reiser med gyldig billett og reint samvit.

Dette arbeidet, som Securitas utfører, kostar Skyss og Hordaland fylkeskommune fem millionar kroner i året.

Reagerer på pengebruken

Ruth Grung

REAGERER: Ruth Grung, gruppeleiar for Arbeiderpartiet i Hordaland fylkesting.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Ruth Grung, gruppeleiar for Arbeiderpartiet i Hordaland fylkesting, meiner det er altfor mykje.

– Ja, i forhold til dei midlane vi har til kollektiv, tykkjer eg vi skal nytte mest mogleg for å gje eit godt tilbod til innbyggjarane våre.

Nesten ein million passasjerar vart kontrollerte på Bybanen og bussane i Hordaland i 2012.

Rundt 5000 tusen vart tekne utan gyldig billett. Bøtene dei fekk, gav Skyss to millionar kroner i inntekter.

Men Arbeiderpartiet vil ha færre kontrollar.

– Det held å vita at du har ein viss sjanse for å verta kontrollert, då trur eg folk betalar for seg.

– Ein vinnande effekt

Tom-Christer Nilsen

– VINNANDE EFFEKT: Seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H)

Foto: NRK

Men fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (Høgre) seier utgiftene deira til billettkontrollar har ein vinnande effekt.

– Utan desse fem millionane måtte me anten ha auka billettprisen eller redusert tilbodet, meiner han.

– Me sikrar at alle som skal betale, faktisk betalar. Det gjer det også mogleg for oss å ha billettautomatar, og køyre utan billettør på Bybanen. Slik kjem både buss og bane fortare fram.

Å ha færre kontrollar er eit lettvint forslag frå Arbeiderpartiet, meiner Nilsen.

– Eg trur Arbeidarpartiet bør sjå på heilskapen før dei kjem med slike enkle forslag.

– Sjølvsagt er fem millionar kroner relativt lite, men tek ein tre millionar her og tre millionar her, så vert det for mange millionar, svarar Grung.

– Vårt ansvar er å bruke pengane riktig i forhold til det tilbodet me skal gje innbyggjarane.