NRK Meny
Normal

– Eg har lyst å bevise partiet og veljarane at dei valde rett

Denne veka har Erik Skutle vore tilbake blant politikarkollegaene på Stortinget etter hasjskandalen.

Skutle

MÅ BLI SITTANDE: For vel to veker sidan vart stortingsrepresentant Erik Skutle arrestert og sikta for å ha røykt hasj – han trakk seg frå alle verv i Høgre, men på Stortinget må han bli sittande.

Foto: Jørgen Eide / NRK

For vel to veker sidan vart stortingsrepresentant Erik Skutle arrestert og sikta for å ha røykt hasj – han trakk seg frå alle verv i Høgre, men på Stortinget må han bli sittande.

– Omsorg og varme

På Vestlandsrevyen i kveld fortalde Skutle om tida tilbake på Stortinget.

– Det har vore hyggeleg, men nokon er sjølvsagt skuffa og sinte. Det er ein kjedeleg sak, men eg har fyrst og fremst opplevd omsorg og varme. Det er herleg å kjenne på, seier Skutle.

Etter alt å dømme held Skutle fram i Kontroll- og konstitusjonskomiteen.

– Eg har lyst å bevise partiet og veljarane at dei valde rett då dei valde meg. Eg skal stå på så godt eg kan for Bergen og Hordaland, seier Skutle.

(Artikkelen held fram under videoen)

Skutle var gjest i Vestlandsrevyen.

VIDEO: Sjå heile intervjuet med Skutle i Vestlandsrevyen

Riktig å beklage

– Kvifor stiller du opp til intervju no?

– På eit tidspunkt måtte eg stille opp. Partiet har gitt gode råd, men eg har også hatt lyst å stille opp sjølv. Det er riktig å beklage til partiet og veljarane. Eg vil fortelje at eg angrar og at det er alvorleg, seier Skutle.

Vil ikkje gå ut med detaljane

– Dette nachspielet. Kor rusa var du?

– Ikkje så rusa at eg ikkje kunne ha valt annleis. Eg har sagt til politiet at eg har brukt cannabis.

På spørsmålet kor mange gongar Skutle har røykt, vil han ikkje gje noko svar på.

– Detaljane vil eg ikkje gå ut med, seier Skutle.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017