Hopp til innhold

Skutle brukte mobil og nett for 54.937 på eit år

Stortingsrepresentant Erik Skutle (H) seier gigantrekninga skuldast terrortrussel og overfakturering. – Eg brukar telefonen mykje, men ikkje så mykje at det skal koste så mykje pengar.

Erik Skutle

HØGE UTGIFTER: Erik Skutle brukte på eit år 54.937 kroner på mobil og nettbrett. Snittet på Stortinget ligg på 13.012 kroner.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Skilnadane er store på kor mykje stortingsrepresentantane brukar på mobiltelefonar og nettbrett.

Ifølgje ein gjennomgang Dagbladet har gjort, brukte ein folkevalt 13.012 kroner på nett og mobil frå oktober 2013 – oktober 2014. Men enkelte ruvar høgt oppe på lista over kor mykje av skattebetalarane sine pengar dei brukar til dette formålet.

– Dette skuldast ei overfakturering frå NetCom. Eg var på Balkan i sommar under terrortrusselen mot Noreg. Då fekk me beskjed om å halde oss oppdatert gjennom media. Eg hadde ei datagrense på 10.000 kroner, men den blei overskriden utan at eg blei varsla. Eg er i dialog med NetCom for å få det korrigert, seier Skutle til NRK.

Skutle ligg øvst på lista over dei som har brukt net og mobil mest det siste året. På andreplass på lista over dei som brukar mest pengar på mobil og nett ligg Trygve Slagsvold Veum (Sp) med 37.304 kroner, på tredjeplass Ingebjørg Amanda Godskesen (Frp) med 35.436 kroner, på fjerdeplass Annette Trettebergstuen (Ap) med 35.324 kroner.

LES OGSÅ: –Ingen grense for hvor høy mobilregning de kan få dekket

Vararepresentant nesten på topp

Eirik Skutle

LANGT OVER: Stortingsrepresentant Erik Skutle (H) har det siste året hatt eit mange gonger høgare forbruk på mobil og nett enn dei fleste stortingsrepresentantar.

Foto: Høyre

Skutle er eigentleg vararepresentant, men er no fast inne for Erna Solberg. Han meiner mobilbruken han har hatt det siste året ikkje er representativ for kor mykje han vanlegvis brukar mobil og nettbrett.

– Definitivt ikkje. Det er berre til å sjå på bruken gjennom året. Den ligg godt under snittet. Eg brukar telefonen mykje, men ikkje så mykje at det skal koste så mykje pengar.

– Er ikkje dette mykje pengar for ein vararepresentant?

– Me møter jo i Stortinget på same vis som alle andre. Så i arbeidsmengd er det ingen skilnad på min situasjon og dei andre representantane sin situasjon, seier Skutle.

LES OGSÅ: Giske sjokkert over egen mobilregning

– Nesten alle møte går føre seg i utlandet

Stortingsrepresentant Frank Bakke Jensen (H) ligg på femteplass på Dagbladet si liste over mobilbrukarar på Stortinget.

Frank Bakke-Jensen

FEMTEPLASS: Stortingsrepresentant for Høgre, Frank Bakke Jensen brukte 30.548 kroner på mobil og nettbrett på eit år.

Foto: Marte Lindi

– Eg brukar iPad og mobil mykje. Dette fører til høg datatrafikk, noko som er kostbart. Eg reiser mykje og jobben min er å halde kontakt med folk. Som medlem i næringskomiteen på Stortinget er det mange både innanlands- og utanlandsreiser. Eg er også medlem av NATOs parlamentarikerforsamling. Nesten alle møta der går føre seg i utlandet, seier Bakke-Jensen til avisa.

Bakke-Jensen seier han brukar mobilen både til jobb og privatbruk når han er ute på reise.

– Eg veit ikkje kva det private utgjer, men eg er sikker på at jobbdelen utgjer ein mykje større del av den totale rekninga.