NRK Meny
Normal

Skulle utvikle app – enda med å hacke seg inn i Vegvesenet sine datasystem

Mannen i 30-åra søkte opp informasjon om millionar av nordmenn.

Beslag etter hackerangrep mot Statens vegvesen

TATT AV POLITIET: Frå denne PC-en jobba den utanlandske mannen med å hente ut informasjon frå Statens vegvesen sine databasar.

Foto: Politiet

Ein mann i 30-åra er sikta for omfattande datainnbrot på Statens vegvesen sine system.

Det var i desember i fjor og januar i år at mannen fann ein måte å søke opp informasjon om andre brukarar på.

Mannen, som er utanlandsk statsborgar og busett i Bergen, vart arrestert 9. januar etter at Vegvesenet avdekka problem i systema sine.

Det var Bergensavisen som først omtala saka.

Fleire millionar brukarar

Mannen skal ha logga seg inn ved hjelp av sin eigen brukar-ID, og deretter funne ein måte å få tilgang til informasjon om fleire millionar andre brukarar.

Ifølgje Vegvesenet skal det vere snakk om fødselsdato, fullt namn, kunde-ID, målform og adresser. I tillegg skal sikta ha fått tilgang til noko informasjon om registrerte køyretøy.

– Førebels ser det ut til at han ikkje har fått tak i opplysningar av sensitiv karakter, seier politiadvokat Anders Hoff til NRK.

Ville utvikle app

Hoff seier til NRK at mannen har forklart at han ynskte å utvikle ein app til mobil og nettbrett, og har erkjent at han har skaffa seg tilgang til systema.

– Vi må undersøkje vidare om forklaringa stemmer, seier han.

I utgangspunktet skulle mannen bli framstilt for varetektsfengsling torsdag ettermiddag, men Hoff fortel at det truleg ikkje vert naudsynt likevel.

– Vi har lagd beslag på datautstyr og har fått bistand frå krimteknisk avdeling. Vi meiner at vi i løpet av dagen skal klare å sikre relevant informasjon, og difor vurderer vi at det ikkje er fare for at prov kan forsvinne.

Oppdaga problemet sjølv

Det var Statens vegvesen som sjølv såg at ikkje alt var som det skulle. Dei seier til NRK at dei melde saka til politiet straks dei oppdaga problemet.

– Vi overvakar våre IT-løysingar, og avdekte at det var ting som ikkje var som dei skulle. Då melde vi saka til politiet. Det er alt eg kan seie om saka akkurat no, seier IT-direktør i Statens vegvesen, Lars Kalfoss.

Brot på straffelovas kapittel 21 § 204 kan føre til fengsel i inntil to år.

– Vi må undersøkje vidare om han kan sitte på annan informasjon i tillegg, seier Hoff.

Mannen vil truleg sleppe laus i ettermiddag.

Forsvarer Ole Petter Grythe Hoff har ennå ikkje snakka med den sikta, og vil ikkje kommentere saka overfor NRK.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.