Hopp til innhold

Skuleklasse treft av steinras

  • POLITIET EVALUERER RASULYKKEN

    Politiet i Kvinnherad vil prate med lærerne som var med skoleklassen fra Sauda da rasulykken inntraff i Uskedalen. – Vi ønsker en samtale for å finne ut hva som har skjedd og hva som kan ha utløst raset, sier lensmann Jon Fosse.

  • DEBRIEFING PÅ SKOLEN I DAG

    De fire elevene som ble truffet av et ras i Uskedalen tirsdag, ligger fortsatt på sykehus med brudd- og slagskader. – De øvrige elevene kom hjem i natt og vil i dag bli samlet til debriefing, sier rektor Oskar Waage-Pettersen ved Sauda videregående skole.

    Helikopter under redningsaksjon
    Foto: Tale Hauso / NRK
  • EIN PERSON ATT:

    Ei lokal redningsgruppe er straks framme ved rasstaden i Uskedalen, der fire skulejenter vart treft av eit steinras tidlegare i dag. Tre av dei er henta ned i tryggleik. – Vi har bra kontroll no. Vi reknar med at den siste jenta er komen ned frå fjellet trygt om ein halvanna time, seier innsatsleiar Håkon Tørvik til NRK.

  • KREVJANDE REDNINGSAKSJON:

    Vêret gjer at helikopter ikkje kan ta seg inn i Uskedalen for å henta dei tre skadde elevane. Røde Kors frå Matre er på veg opp i dalen for å henta dei med båra. Det kan ta to timar før dei er framme. Samstundes følgjer helikoptera vêret frå minutt til minutt. – Dei vil letta med ein gong det opnar seg ein moglegheit, seier politiets innsatsleiar.

  • FRÅ SAUDA VIDAREGÅANDE:

    NRK får stadfesta at elevane som vart råka av eit steinras i Uskedalen er frå Sauda vidaregåande skule i Rogaland. Det var ein idrettsklasse som var på tur. – Heldigvis har dette gått bra. Vi har kontakt alle foreldra og har god kontakt med lærarane, på turen, seier rektor Oskar Waage-Pettersen.