NRK Meny
Normal

Privatskulegründer rasar mot regjeringa

Skulegründer vurderer å skrote planane om tre nye elitegymnas i realfag. – Regjeringa har brote valløftet.

Straumeparken 1

ØNSKJER NYTT ELITEGYMNAS: Om søknaden vert innvilga er dette bygningen der elitegymnaset i realfag på Sotra kan kome.

Foto: Siri Løken

Skulegründer Roger Elstad vurderer å skrinleggje planane om tre nye elitegymnas i realfag, to i Bærum og eit på Sotra. Årsaka er at han og Norges Realfagsgymnas enno ikkje har fått svar på søknaden sin om oppstart til hausten.

Privatskulekjeda meiner regjeringa har brote løftet sitt frå valkampen om å godkjenne fleire privatskular før dei kom til makta.

– Både FrP og spesielt Høgre gjekk ut også i valkampen å reklamerte for at dei ville godkjenne realfag. No ser det ut som eit spel for galleriet, seier Elstad.

Roger Elstad

KAN SKRINLEGGJE PLANANE: Skulegründer Roger Elstad vurderer å skringleggje planane om tre nye elitegymnas i realfag.

Foto: PRIVAT

Fryktar for realfagsskulen

På Sotra fryktar Fjell-ordførar Eli Berland frå Høgre at realfagsskulen ikkje blir noko av.

– Eg synest det vil vere veldig synd om dei ikkje får starte opp til hausten på grunn av regelverket, for då går det imot alt som har blitt sagt tidlegare. Eg meiner at når regjeringa satsar på kunnskap og utdanning, så må dei også vise det i handling, seier Berland.

– Forstår frustrasjonen

I fjor sumar lova Kunnskapsministeren ei oppmjuking av privatskulelova. Det vil seie at skuler med særskilt spesialisering, som til dømes i realfag, kunne få dispensasjon frå privatskulelova, slik at dei kunne starte opp hausten 2015. Men ingen av dei åtte skulane som har søkt om dispensasjon har fått svar frå utdanningsdirektoratet.

Henrik Asheim i Høgre sit i utdanningskomiteen på Stortinget. Han forstår at Elstad er oppgitt, men avviser at Høgre har lurt nokon.

Eli Berland

FRYKTAR FOR REALFAGSKULEN: Fjell-ordførar Eli Berland frå Høgre fryktar at realfagsskulen ikkje blir noko.

Foto: Siri Løken

– Dei har fått den same fristen som andre friskular og det er 1. april for å få svar. Eg forstår frustrasjonen, samtidig er det mange søknader som skal bli behandla og då blir det ofte kø, seier Asheim.

– Kva tenkjer du om at Roger Elstad og Norges Realfagsgymnas vurderer å skrinleggje planane om å starte opp tre realfagskuler?

– Det er veldig synd og eg håper at Elstad ikkje gjer dette fordi tilbodet hans verkar veldig bra, seier Asheim.

Tar sikte på svar

Utdanningsdirektoratet seier til NRK Hordaland at dei tar sikte på å gje Norges Realfagsgymnas eit svar i løpet av januar, men kan ikkje love noko. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skal leggje fram ny privatskulelov for Stortinget til våren.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.
Etter tre strake tap for Brann, venter Rosenborg på stadion på søndag i en avgjørende kamp i medaljestriden.