Skuldar medtiltalt for å lyga

Den hovudtiltalte sunnfjordingen (36) i dopingsaka i Bergen tingrett, skulda i dag ein medtiltalt mann (33) frå Buskerud for å lyga i politiavhøyr. Han meiner mengda dopingmiddel i tiltalen mot han er for høg, og at 33-åringen har lygd om omsetnaden.