Hopp til innhold

Skuldar byrådet for løgn: Krev høyring i saka om 13-åringen som avdekte sikkerheitshol

Unnskyldinga frå byrådsleiaren var ikkje nok. No krev opposisjonen høyring i saka om 13-åringen som tok seg inn i bergensskulen sitt datasystem.

Henning Warloe

HØYRING: Opposisjonen i Bergen krev høyring i komiteen. Bakgrunnen er nye dokument som sår tvil om kva kommunen eigentleg visste om kven som stod bak det kommunen trudde var eit datainnbrot. – Me treng svar, seier Henning Warloe (H).

Foto: SIMON S. BRANDSETH / SIMON S. BRANDSETH / NRK

– Me vil be om høyring i neste komitemøte. Høyring må gjelda alle deler av saka, seier Henning Warloe (H), nestleiar i komite for barnehage, skule og idrett, i Bergen kommune.

Byrådet måtte i onsdagen bystyremøte svara for kva dei visste då kommunen i fjor haust gjekk til politiet etter to alvorlege sikkerheitsavvik i skulen sitt datasystem.

13-åring namngitt i politidokument

Bergen kommune melde forholdet til politiet fire dagar etter at inntrenginga blei oppdaga.

I den endelege politimeldinga frå kommunen rettar ikkje kommunen søkelys mot mistenkte.

Men i andre politidokument, som NRK omtala onsdag, slo politiet fast, på bakgrunn av samtalar med kommunen, at ein namngjeven skuleelev truleg var gjerningspersonen.

NRK veit at opplysingane om eleven stamma frå kommunen. Bakgrunnen var søk på den aktuelle IP-adressa opp mot brukarkontoar i itslearning.

– Politiet var tydeleg i dialogen med oss på at ei IP-adresse ikkje var eit avgjerande bevis for kven det var. Det kunne ha vore familie eller eksterne som brukte adressa, sa skulebyråd Roger Valhammer (Ap), då han overfor NRK avviste å ha feilinformert om kva kommunen visste.

Henning Warloe

VIL HA SVAR: Henning Warloe (H), nestleiar i komiteen for skule, barnehage og idrett.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / SIMON S. BRANDSETH / NRK

Byrådsleiaren sa unnskyld

Valhammer vedgjekk at den 13 år gamle guten sitt namn var ein del av opplysingane som kommunen gav til politiet.

– Eleven sitt namn var kjent for kommunen. Det gjer kommunen si agering i saka enno meir kritikkverdig, sa Warloe i bystyret onsdag.

Han ville vita om skulebyråd Valhammer har feilinformert bystyret.

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) avviste påstanden frå Warloe. Han svara på vegner av skulebyråden, som var heime med sjukt barn.

Først og fremst gav han 13-åringen og familien ei unnskyldning.

– Eg ønsker at mine første ord offentleg om denne saka skal vera desse: Bergen kommune vil koma med ei unnskyldning til guten og hans familie, sa Schjelderup.

Han står fast ved at det var politiet som avdekte at ein elev stod bak.

– Me har gått ganske grundig inn i denne saka, og eg stiller meg bak det Valhammer sa. Faktum er at me ikkje kunne ha meldt guten til politiet, fordi me ikkje visste at det var han då me melde saka. Det kjem tydeleg fram i politimeldinga, sa byrådsleiaren.

Sofie Marhaug

GRUPPELEIAR: Sofie Marhaug, gruppeleiar for Raudt og medlem av skulekomiteen, støttar kravet om høyring.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / SIMON S. BRANDSETH / NRK

– Klanderverdig frå starten av

Høgre får støtte frå Frp, Raudt og Miljøpartiet dei Grøne. Dermed ligg Warloe an til å få nok stemmer til å vedta høyring i neste komitemøte.

– Byrådet har opptredd klanderverdig heilt frå starten av, og påstår at dei ikkje visste at det dreidde seg om ein elev då dei involverte politiet. Dette tvilar eg sterkt på, og eg meiner dei må svara for avgjerdene sine, seier Sofie Marhaug, gruppeleiar for Raudt.

Komitemedlem Daniel Hägglund i Frp seier partiet støttar kravet om høyring.

– Opplysingar som er gitt via media gjer at me i komiteen, som også har eit tilsynsansvar og er skuleeigarar, treng å få all fakta på bordet, seier Hägglund.