Skulda for å jukse seg til fleirtal – no snur dei

Omstridd forslag ville gitt Ap, KrF, Sp og SV fleirtal i alle politiske utval i Hordaland. – Vi ser at det var uklokt.

Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk venstreparti

HAR OMBESTEMT SEG: Samarbeidspartia Arbeidarpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og SV droppar forslaget som fekk opposisjonen til å skulde dei for juksing. F.v. Bente Bondhus (Sp), Roald Kvamme (Ap), Anne Gine Hestetun (Ap), Pål Kårbø (KrF) og Aud Karin Oen (SV).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Førre veke fortalde NRK at samarbeidspartia Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og SV gjekk inn for å utvida opplæringsutvalet, slik at opposisjonen ville mista fleirtalet dei i dag har i utvalet.

Dermed ville majoritetspartia få fleirtal i alle fylkesutval.

– Veldig udemokratisk, sa Silja Ekeland Bjørkly, fylkespolitikar for Høgre i Hordaland.

Men no droppar dei styrande partia på fylkestinget forslaget.

– Som politikar er det greitt å seie at her gjorde vi feil. No vil vi rette opp i det, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF).

Har vurdert forslaget nøye

Plassane i utvala vart fordelt etter valet i haust, i tråd med partia sine valresultat. Ap, KrF, Sp og SV fekk fleirtal i alle utval, bortsett frå opplæringsutvalet.

Det var på budsjettpresentasjonen førre veke at det kom fram at partia difor ville auke talet på representantar i nettopp dette utvalet, til 16 medlem. På den måten ville Ap sin utvalsleiar kunne ha brukt dobbeltstemma si og avgjere alle saker, så lenge styringspartia var einige.

– Dette liknar ikkje grisen, sa Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet dei Grøne, etter at forslaget var gjort kjend.

politikere fylket

KRITISK: Miljøpartiet dei Grøne var svært kritiske til at dei leiande partia forsøkte å skaffe seg fleirtal i alle politiske utval. – Eg har ikkje sett liknande i løpet av mine 14 år som politikar, sa Tom Sverre Tomren til NRK førre veke.

Foto: Sølve Rydland / NRK Hordaland

Kårbø seier at dei no har sett nøye på forslaget.

– Juridisk sett er det nok mogleg, men vi ser at for samarbeidet i fylkespolitikken og med tanke på framtida er dette uklokt. Difor trekk vi forslaget.

– Erkjenner de dermed at det var ein tabbe å prøve å oppnå fleirtal i alle utval?

– Eg synest det er ein politisk styrke å kunne sjå at ein av og til vurderer ting litt uklokt. Det er ein fordel å ha gjennomgåande representasjon i dei ulike utvala, men vi har eit reglement der ein kan ta inn saker som særleg får store økonomiske konsekvensar. Truleg er det slik vi vil følge dette opp vidare, seier Kårbø.

– Klokt

Dan Femoen frå Høgre er glad for at dei leiande partia no let vere å «tvinga seg» til fleirtal i opplæringsutvalet.

– No har dei nok fått tid til å tenke seg om, og dette er ei klok avgjerd. Ei slik løysing ville vore veldig udemokratisk.

Høgre sin fraksjonsleiar i opplæringsutvalet i Hordaland

NØGD: Dan Femoen (H) meiner det er ei god avgjersle av dei leiande partia å trekke forslaget.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kårbø meiner det kan vere utfordrande at mindretalet no kan få fleirtal i opplæringsutvalet.

– I saker der opplæringsutvalet har vedtaksmynde kan det skape problem, for då vil ikkje vedtaka vere representative for fleirtalet i fylkestinget. Samtidig tenker eg at vi nok skal klare å handtere dette på ein god måte, seier fylkesvaraordføraren.