Det er klart etter kommunestyremøtet i Kvam i går.
Buss til Øystese
Foreldre har lenge kjempa mot planane om ein felles ungdomsskule i Øystese, men etter gårsdagens vedtak er det klart at elevane no må ta bussen til Øystese.
Reidar Tolo. (Foto: Arne Frank Solheim/NRK)
Reidar Tolo, som leiar aksjonen for Norheimsund ungdomsskule, sa til Vestlandsrevyen i går at vedtaket ville vera dramatisk for bygda.
- Dette er ein bygdestrid laga av administrasjonen i Kvam herad, meiner han.
180 elevar frå Norheimsund
Det er 180 elevar som no må ta bussen frå Norheimsund for å gå på skule i Øystese, ein tur på sju kilometer.
Også elevar frå Ålvik skal gå på denne ungdomsskulen.
Grafikk: NRK