Hopp til innhold

Skular avlyser skodespel etter åtvaring frå biskop

Etter at biskopen i Bjørgvin kritiserte skodespelet «I Guds namn», valde fleire skular å ikkje vise skodespelet til elevane.

Biskop Halvor Nordhaug

IKKJE PROBLEMATISK: Biskop i Bjørvin, Halvor Nordhaug, er ikkje lei seg for at skular avlyser framsyninga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I ein kronikk skreiv Bjørgvin-biskop, Halvor Nordhaug, at teaterstykket gjer eit einsidig og karikert bilete av kristne miljø som noko farleg.

Det var nok til at sju skular valde å ikkje vise stykket til elevane likevel.

– Eit overgrep

Sjef for Hordaland teater, Trond Birkedal, seier til Bergens Tidende at det er eit overgrep mot elevane.

– Elevane får ikkje danne si eiga meining om stykket. I staden vel lærarane på dei unge sine vegne. Å lære elevane å tenkje uavhengig er ein del av jobben til ein lærar, meiner han.

«I Guds namn» er skrive og regissert av Nils P. Munk, og produsert av Hordaland teater på bestilling frå Hordaland fylkeskommune i samband med grunnlovsjubileet.

Stykke skal skape refleksjon rundt paragraf to i grunnlova som seier at alle innbyggjarar i landet har fri religionsutøving.

– Stykket er vulgært

Premiera på stykket var 16. januar. Like etter kom kritikken. Først frå Bjørgvin-biskopen, og så frå lærar Erik Sukke ved St. Paul skole i Bergen.

Han skreiv at stykket ikkje passa for 8.-klassingar, og at det er «vulgært, uklart tenkt og verkelegheitsfjernt».

Dei var begge kritiske til at stykke skulle setjast opp på 16 ungdomsskular i Hordaland som ein del av den kulturelle skulesekken.

Då starta avlysingane å tikke inn frå skulane. Så langt er det sju skular som har sagt nei takk til oppsetjinga.

– Elevane har krav på dette tilbodet

Fylkeskommunen har aldri tidlegare opplevd at så mange skular avlyser eit stykke. Det fortel Ronny Skaar, leiar ved seksjon for kunst- og kulturformidling ved Hordaland fylkeskommune.

– Eg er kritisk til skulane sitt val. Rektorane må få bestemme over sine skular, men dette er eit kulturtilbod som elevane har rett på, seier han.

Skaar meiner grunnlaget for kvifor skulane har avlyst er for svakt.

– Ein kan ikkje vere avhengig av rektor sin smak eller interesse for at elevane skal få oppleve kunst, seier Skaar.

Uproblematisk

Biskop Halvor Nordhaug synest det er heilt greitt at skulane vel å avlyse framsyningasyninga

– Eg synest to av dei tre eksempla som nyttast i skodespelet er irrelevante, og ueigna til å få i gang refleksjon og samtale med elevane.

Han meiner stykke sstykkeit inntrykk av at religion er noko destruktivt og farleg.

– Eg er ikkje lei meg for at skulane avlysar framsyninga.