Hopp til innhold

Elevane bur seg på ein ny vinter med elendig inneklima, sveittetokter og boblejakker

Nesten halvparten av vidaregåande-elevane i Hordaland går på skuler som ikkje har godkjent inneklima.

Dårleg inneklima på Årstad vgs.

FORTVILAR: Årstad-elevane Jonathan Lokøy, Cristian Mikkelsen og Maylen Hjorteseth bur seg på nok eit skuleår med dårleg inneklima.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

I fjor vinter var det for kaldt. Eg gikk alltid i boblejakke, fordi eg fraus slik i timane

Maylen Hjorteseth, elev Årstad vgs.

– Det er ganske dårleg luft, og det er varmt her inne, konstaterer Cristian Mikkelsen.

Han går på teknisk og Industriell produksjon ved Årstad Videregående skole i Bergen, og er langt frå nøgd med inneklimaet på skulen.

– I fjor fekk vi lov til å gå heim, fordi lufta var så dårleg. Ventilasjonen fungerte ikkje.

Boblejakke i timane

Etter to veker på skulebenken, innser Mikkelsen at han og medelevane går mot eit nytt skuleår med tør og varm luft på varme dagar, og ditto kulde når vinteren set inn.

Og situasjonen ved Årstad videregående er på langt nær unik i Hordaland. I haust begynte nær 17.000 elevar på vidaregåande skule i fylket. Nær halvparten av dei skal dagleg motta undervisning i bygg som ikkje har godtkjent inneklima.

– Eg synest det er heilt elendig. I fjor vinter var det for kaldt. Eg gikk alltid i boblejakke, fordi eg fraus slik i timane, fortel Maylen Hjorteseth.

Årstad-eleven skildrar ein skulekvardag der klasserom og verkstader i periodar anten er veldig varme, eller veldig kalde.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Årstad videregående skole

GAMMALT BYGG: Årstad vgs. i Bergen er ein av 48 vidaregåande skular i Hordaland. Skulen er eit mange fylkeskommunale undervisningsbygg som ikkje stettar krava til inneklima.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

«Ikkje ein ønskjeleg situason»

Elevane får støtte i fylkestinget i Hordaland.

Tom-Christer Nilsen

IKKJE GODT NOK, MEN... - Det er alt gjort mykje for å betre inneklimaet ved dei vidaregåande skulane i Hordaland, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H).

Foto: NRK

– Når nær 50 prosent av skulane i dag ikkje tilfredsstiller krava til eit godt fysisk arbeidsmiljø, så er ikkje det godt nok, seier Ruth Grung, gruppeleiar for Arbeidarpartiet.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) vedgår at situasjonen ikkje er ønskjeleg.

– Eg er sjølvsagt aldri tilfreds med at vi ikkje oppfyller alle forskrifter, seier han til NRK.no.

Nilsen meiner likevel at Grung svartmaler situasjonen.

– Det er allereie gjort ganske mykje arbeid allereie, slik at dei har godt inneklima der dei er til dagen. Andre deler av skulen, der det ikkje blir drive undervisning, har kanskje ikkje fått denne oppgraderinga enno.

Sveittar i haustsola

Ikkje godt nok meiner Ap sin gruppeleiar.

Ruth Grung

REAGERER: Ruth Grung, Ap sin gruppeleiar i fylkestinget i Hordaland.

Foto: Kristian Ervik / NRK

– Eg opplever det som eit veldig dårleg signal når over 7600 av våre ungdommar byrjar skuleåret på skular som ikkje stettar krava til fysisk arbeidsmiljø, spesielt når det gjeld luft. Og at det er så mange yrkesskular som ikkje har noko godt tilbod, seier Grung.

For yrkesfagelevane på Årstad blir løysinga å la vindauga stå opne på dagar der haustsola varmar, før det truleg blir ein ny vinter med boblejakke i klasserommet.

– Eg har berre gått her ei veke, men det er veldig varmt inne. I dag sat vi og svetta på verkstaden, sjølv om vi ikkje jobba. Fordi det er så varmt., seier Jonathan Lokøy.