KrF-politikar om reservasjonsnei: – Trist

KrF-politikar Rebekka Ljosland er skuffa over bystyret i Bergen. Kommunen sa i dag nei til reservasjonsretten for fastlegar.

Rebecca Ljosland

SKUFFA: Rebekka Ljosland (KrF) tykkjer det er trist at bystyret i Bergen stemte mot reservasjonsretten til fastlegar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg tykkjer det er trist at det vart eit knapt fleirtal, men det låg vel litt i lufta, seier Rebekka Ljosland (KrF).

Regjeringa har sendt spørsmålet om reservasjonsrett mot abort for fastlegar ut på høyring til kommunane rundt om i landet, og i dag tok Bergen stilling til saka.

Det enda med at 41 av 67 bystyrerepresentantar i statsministerens heimby stemte i mot forslaget om reservasjonsretten. Samstundes sa bystyret at det er regjeringa som må ta den endelege avgjerda.

– Viktig med samvitsfridom

Men Bergen kommune sitt offisielle syn i saka er klart; kommunen er mot reservasjonsretten mot abort for fastlegar. Ljosland meiner dette syner at ein ikkje har toleranse i alle områder av samfunnet.

– Det er viktig med samvitsfridom. Derfor er det trist at Bergen er i mot fastlegar sin reservasjonsrett.

Stemte imot eiga regjering

Morten Myksvoll

NØGD: Morten Myksvoll i Frp stemte imot si eiga regjering.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fleire bystyrerepresentantar stemte imot si eiga regjering sitt syn i saka. Åtte av dei 24 representantane i Høgre stemte mot reservasjonsretten. To av sju frå Frp gjorde det same.

Ein av dei var Frp-politikikar Morten Myksvoll. Han jubla etter at avstemminga i bystyret var over.

– Det var representantar frå ni forskjellige parti som i dag gav klar beskjed til regjeringa om kva Bergen meiner i denne saka, meiner Myksvoll.

– Det eg er veldig imot er at legar har rett til å reservera seg mot å gi informasjon. Det er det reservasjonsretten eigentleg går ut på, seier Myksvoll og meiner saka er viktig for å sikre at alle i Norge har like pasientrettar og abortprosedyrane er dei same.

– Vel den svake part si side

Ljosland er ikkje samd i at det berre handlar om informasjon.

– No er det slik at fastlegane som viser til abort i mange tilfelle har direkte kontakt med sjukehuset. Og så vil eg seia; det er veldig viktig for KrF at det i denne saka skal handla om samvitsfridom i dei sakene som gjeld liv og død. Det skal ikkje vere slik at ein kan fritakast frå det eine og det andre.

– Det er det denne saka handlar om; samvitsfridom i så få og viktige saker som akkurat abort er, seier Ljosland og får kontant svar frå Myksvoll.

– Og når den fridomen kolliderer med kvinner si rett til sjølvbestemt abort og dei rettane dei har til informasjon, då har eg ingen problem med å velja den svake part si side. Nemleg pasienten i møte med ein profesjonell lege, avsluttar Frp-politikaren.

Håpar regjeringa lyttar

Fleire hordalandskommunar har gjort det same vedtaket som Bergen enda opp med i dag, mellom dei finn ein dei blå kommunane Askøy, Os og Meland.

– Kva bør regjeringa, som Frp sit i, henta ut frå dette?

– Eg håpar dei lyttar til innspela frå kommunane. Det er jo ein grunn til at saka vert sendt ut på høyring. Og innspela verkar å vera overveldande i retning nei til reservasjonsrett, svarar Myksvoll.

Ljosland meiner på si side at regjeringa ikkje bør lytta til innspela frå kommunane.

– Eg meiner dei først og fremst bør ta omsyn til det dei allereie har blitt samde om, nemleg at det skal gjevast reservasjonsmulighet til fastlegar.