På eit gruppemøte onsdag kveld sikra Fusa-ordførar Atle Kvåle (Ap) seg fleirtal, og sa nei til ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing med Os og Tysnes.
Kommunane har lenge snakka om å slå seg saman til Bjørnefjord kommune, men no er det bråstogg i forhandlingane.
– Eg reagerer i sjokk og er frykteleg skuffa over måten ein har handtert dette på i Fusa, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.
Det var Os og Fusaposten som omtalte saka først.
Ingen signal om avslag
Ordførarane i Os og Fusa snakka saman rett etter gruppemøtet i Fusa onsdag.
Søviknes hevdar at Kvåle fortalde at prosessen med intensjonsavtalen skulle gå vidare under samtalen.
Seinare same kveld, les Søviknes i lokalavisa at Fusa-ordføraren avslår ei samanslåing mellom kommunane.
- Les også:
– At han plutseleg rykker ut etter eit gruppemøte, og seier at det er full stopp i heile prosessen, kom overraskande. Det var mildt sagt veldig skuffande.
Ordførarane i både Os og Fusa fortel om gode forhandlingar. Søviknes fortel at han aldri såg aldri teikn til at nabo-ordføraren plutseleg skulle trekka seg.
– Tvang
Fusa-ordføraren kallar bakteppet for avslaget om kommunesamanslåing eit råkøyr frå regjeringa si side.
– På fint heiter det frivillig samanslåing, men når dei økonomiske rammene i vårt tilfelle stadig blir avgrensa, og Fusa kommune kom til å tapa 3,1 millionar, føler me ikkje at det ligg noko frivillig i den innskrenkinga, seier Kvåle.
– Me vil gå vidare åleine som Fusa kommune, presiserer Ap-ordføraren.
I valkampen og gjennom heile prosessen har Fusa-ordføraren uttrykka skepsis til måten kommunereforma har blitt handtert frå regjeringa si side. Dei avgrensa økonomiske avgrensingane ein viktig årsak til avslaget.
– Fusa-politikarar blei veldig provoserte, og definerer dette som tvang, og det aksepterer me ikkje.
- Les også:
Samanslåing uviktig
Med eit veksande folketal trur Os-ordføraren at kommunen skal klara seg fint utan samanslåing.
– For vår del har ikkje samanslåing vore spesielt viktig. Me er ein kommune i sterk vekst, og har 20.000 innbyggjarar allereie i dag. Me vil klare oss godt i framtida uansett, fortel Søviknes.
- Les også:
– Korleis blir prosessen vidare for Os kommune?
– Vi må opptre profesjonelt og gjennomføre prosessen som planlagt. Det kjem fleire rundar i kommunereforma, og fylkesmannen skal sei sitt i oktober. Regjeringa og stortinget skal legga fram konklusjonen neste vår, og då må me ha gjort jobben vår fram til fristen 1. juli.
- Les også:
Fredag er det møte i styringsgruppa kor avgjerda om ei samanslåing frå Fusa si side blir formelt vedteke. I tillegg blir det kanskje halde eit ekstraordinært kommunestyremøte 18. mai.
– Men slik det er per i dag, er det ikkje fleirtal for å gå vidare med intensjonsavtalen, avsluttar Fusa-ordførar Atle Kvåle.