Skogbrann på Osterøy
Foto: Frank Tangen

Skogbrannfare i Hordaland

  • Terrengbrann i Hardanger

    Brannvesenet har rykka ut til ein mogleg brann i terrenget på Grimo i Ullensvang. Ein innringar på motsett side av Hardangerfjorden skal ha observert opne flammar i fjellsida. – Kva som brenn, veit me ikkje. Mannskap frå Grimo stasjon og Odda er sendt ut, seier vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen i Hordaland. Det regnar i området.

  • Osterøy-brannen er sløkt

    Brannvesenet melder at brannen på Reigstadfjellet på Osterøy er sløkt. Meldinga kjem nesten eitt døgn etter at brannvesenet fekk dei første meldingane om røyk. Brannvesenet og Sivilforsvaret vil driva ettersløkking utover dagen og natta.

  • Blussar opp att i bratt terreng

    Det brenn framleis på Reigstadfjellet på Osterøy. I natt har i underkant av 20 personar frå brannvesenet og Sivilforsvaret sløkt der brannar har blussa opp. – Folk står på toppen og spylar ned der me ikkje kjem til, seier Håkon Myking ved 110-sentralen.

Reigstadfjellet i brann