Hopp til innhold

Skogbrannen på Osterøy er sløkt – flammane herja i nesten eit døgn

Brannvesenet har sløkt brannen på Reigstadfjellet, som blussa opp att fleire gongar i natt. – Tungt og tidkrevjande, seier brannvesenet.

Reigstadfjellet i brann

OMFATTANDE: Brannen på Reigstadfjellet, på sørvestsida av Osterøy, har auka laurdag ettermiddag. Sjå brannhelikopteret i aksjon.

Klokka 23.16 melde 110-sentralen i Hordaland kontroll over skogbrannen på Reigstadfjellet, som blei meldt like over klokka 13 laurdag.

Først klokka 12.17 sundag ettermiddag blei brannen meldt sløkt.

– Det har blussa opp ein del stader i løpet av natta, men brannmannskapa har teke flammane med ein gong. Dei har hatt store mengder vatn, og stått på toppen og dynka fjellsida, seier vaktkommandør Håkon Myking ved 110-sentralen i Hordaland.

Skogbrann på Osterøy

FLAMMAR: Slik såg det ut i fjellsida like før 13.30 laurdag. Brannvesenet har kjempa mot opne flammar i fleire timar. Sundag klokka 12.17 blei brannen meldt sløkt.

Foto: Frank Tangen

Brannen blussa opp att

Eit område på 150 gongar 100 meter stod i brann før brannmannskapa klarte å avgrensa brannen.

Natt til sundag har to grupper frå Sivilforsvaret og lokalt brannvesen har heldt flammane i sjakk.

– Det er i den bratte fjellsida ned mot fjorden, der me ikkje kjem til, at flammane har teke seg opp. Men det blir sløkt raskt, seier Myking.

Sundag vil mannskapa halda fram med ettersløkking og kontrollera at brannar ikkje blussar opp.

I natt strekte 11 mann frå Sivilforsvaret og fire frå det lokale brannvesenet slangar heilt nede frå fjorden og 250 meter opp i fjellsida.

– Det er tungt manuelt arbeid, men det sikrar oss vatn inn til området, sa brigadeleiar John Magnus Birkeland laurdag kveld.

Brannhelikopter i sving på Osterøy

HELIKOPTER: Eit brannhelikopter blei tidleg rekvirert til skogbrannen.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Brannvatn hadde avgrensa effekt – jorda var for tørr

Sivilforsvaret og eit skogbrannhelikopter blei tidleg rekvirert.

Klokka 21 laurdag kveld blei helikopteret sett på bakken. Då hadde det transportert inn utstyr og store mengder vatn til mannskapet på Reigstadfjellet.

Først etter å ha teppebomba fjellsida med vatn i mange timar, byrja effekten frå helikopteret å visa seg.

– Men no har me sendt folk med hakker og spadar for å laga ei branngate i fjellet. Jorda er så tørr at vatnet nesten prellar av, sa Birkeland i Bergen brannvesen, rundt klokka 17.30 laurdag.

Brannmannskap på Osterøy

VAKTSKIFTE: 12 personar frå brann- og redningstenesta har hindra at brannen skal spreia seg i Reigstadfjellet. Laurdag ettermiddag skal eit nytt vaktlag ta over.

Foto: Bergen brannvesen

Fekk inn 150 meldingar

Brannvesenet fekk laurdag inn over 150 meldingar om den kraftige skogbrannen, som herjar på sørvestsida av Osterøy. Brannen er var godt synleg frå Breistein, på andre sida av fjorden.

12 brannfolk var i aksjon frå starten av. Desse blei avløyst etter iherdige timar i fjellet. Klokka 17 laurdag opplyste brigadeleiaren på staden at ytterlegare åtte brannfolk var kalla inn.

I tillegg blei 110-sentralen i Hordaland bemanna opp.

– Dette er tidkrevjande. No når det er så tørt, så brenn det godt når brannen først får tak, seier vaktkommandør Håkon Myking ved 110-sentralen sundag morgon.

Laurdag ettermiddag sende brigadeleiar Birkeland inn mannskap utstyrt med motorsag, stikkspadar og grøftespadar for å laga branngater og branngroper i terrenget.

Brannmannskapa felte tre og rydda kratt for å hindra at brannen skulle spreia seg.

Brannhelikopter frakter vann på Osterøy

LITEN EFFEKT: Brannhelikopteret teppebombar fjellsida med vatn, men den knusktørre bakken tar ikkje til seg vatnet. Brannhelikopteret flyr ikkje etter klokka 21. Den siste timen blir brukt til å fly inn utstyr i det ulendte terrenget, slik at brannmannskapa skal vera klare for innsats utover natta.

Foto: Bergen brannvesen

Sivilforsvaret kalla ut tidleg

Laurdag kveld var også to grupper frå Sivilforsvaret på plass. Mannskap frå brannvesenet og Sivilforsvaret la metervis med slangar for å pumpa vatn frå fjorden. Områda som står i brann er på det høgaste 250 meter over fjorden.

– Me må pumpa i seriar oppover for å få nok trykk. Det er ein slitejobb, men det er terreng me slit med å nå frå lufta, seier Birkeland.

Dei første meldingane frå brannvesenet indikerte at området var 100 gongar 40 meter stort. Brannområdet ligg på om lag 250 meters høgde, i fjellsida over Sørfjorden.

Skogbrannen eskalerte laurdag ettermiddag. Vinden tok seg opp og faren for spreiing var stor rett før helikopteret kom til, opplyste brigadeleiar Birkeland.

Det var derimot aldri nokon reell fare for at brannen ville truga den næraste busetnaden. På det næraste var flammane rundt 500 meter unna det næraste bustadfeltet på Valestrandsfossen.

Reigstadfjellet i brann

RØYK: Brannmannskapa sleit innleiingsvis med store mengder røyk i området. Det har vore fleire vaktskifte i løpet av døgnet Reigstadfjellet stod i brann.

Foto: Bergen brannvesen

Brannvesenet held stand gjennom natta

Mannskap frå hovudbrannstasjonen, Arna og Osterøy tok stilling vest for brannstaden. Terrenget er bratt og ulendt, og vanskeleg å koma til med personell. Brannmannskap har difor konsentrert seg om å ha kontroll på flankane, medan ein har venta på bistand frå lufta.

Det er var innleiingsvis 12 brannfolk som kjempa mot flammane. Rundt 16.30 er desse i ferd med å avløysast av eit nytt vaktlag.

Birkeland opplyser til NRK at han litt over klokka 17 får ytterlegare 8 brannfolk til staden.

– Me kjem til å bli verande her i alle fall til i morgon. Dette vil truleg ta tid, seier brigadeleiaren.