NRK Meny
Normal

Oljekonsulentar skjulte 65 millionar kroner for Skatt Vest

Skatt Vest har avdekka 65 millionar kroner i skattbar inntekt som konsulentar i oljebransjen har halde skjult. Den grovaste saka gjeld ein konsulent frå Bergensområdet, skriv BT.no

Skatt Vest

AVDEKKA FORSØK PÅ SKATTESVIK: Skatt Vest i Bergen har avdekka forsøk på storstilt skattesvindel blant 11 konsulentar i oljebransjen. Ein av konsulentane prøvde åleine å unndra 17 millionar kroner i skattbar inntekt frå styremaktene.

Foto: Torunn Westvik Tørneng / NRK

–Dei fleste av desse sakene gjeld selskap som har ein eller anna tilknyting til utlandet, seier avdelingsdirektør for skattekrim i Skatt Vest, Torkel Fure, til Bergens Tidende.

Den mest omfattande saka gjeld ein konsulent frå bergensområdet. Skatteetaten har tatt arrest i formue hjå mannen for over åtte millionar kroner.

Ein person lurte unna 17 millionar

Det var i førre veke at Skatt Vest fekk lov av Bergen Tingrett å ta arrest i mannens formue, etter at han verken har levert inn sjølvmelding eller registrert verksemda si i momsregisteret dei siste åra.

I denne saka trur Satteetaten at det åleine dreier seg om inntekter på kring 17 millionar kroner som ikkje er oppgitt til skattevesenet.

I tillegg kjem unndreging på moms på om lag fire millionar.

Kan koste for oppdragsgjevarane òg

Fure fortel at åtte av dei elleve oljekonsulentane og ein medhjelpar er melde til politiet for mistanke om skattesvik.

Han seier skattesakene òg kan kosta oppdragsgjevarane deira dyrt.

–Blant anna ser vi at konsulentane har sendt ut fakturaer som ikkje tilfredsstiller krava for å kunne frådragsføre moms. Dermed kan oppdragsgjevarane nektast frådragsrett for momsen.

Overførte til ektefelle og utlandet

Konsulenten som skal ha lurt unna 17 millionar kroner frå skattemyndigheitene, skal ha overført store summar frå kontoen kvar månad til utlandet.

I den rettslege rettsavgjerda blir det òg vist til at ektefellen fekk overført store summar til sin bankkonto.

Skatt Vest: Urovekkjande

Skattekrimsjefen meiner funna, som til saman har blitt gjort over ein periode på tre år, er urovekkjande.

Samtidig understrekar han at oljebransjen generelt operer på lovlydig vis.

At dei fleste som har prøvd å skjula inntekt er aktørar som opptrer internasjonalt, trur han skuldast at mange trur det er vanskelegare for norske skattestyremakter å oppdage.

–Dei det gjeld, trur gjerne at unndraging er vanskeleg for oss å oppdage. Men det er ikkje berre økonomien som har blitt globalisert, det gjeld òg samarbeidet mellom ulike lands skattestyremakter.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.