Hopp til innhold

Skjerping: – Draumen min er i ferd med å bli verkelegheit

Etter fredagens bronse vurderer Kristoffer Skjerping no fleire konkrete tilbod frå proffklubbar. – Eg er klar, seier Skjerping.

Skjerping

Sven Erik Bystrøm (22) (t.v.) og Kristoffer Skjerping fekk noko godt å bite i, på ein jubeldag for den norske troppen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Etter at Kristoffer Skjerping stakk av med bronse på fellesstarten i U23-VM i Ponferrada i Spania på fredag, har interessa for sotrarytteren eksplodert.

Han vurderer no fleire konkrete tilbod.

Skjerping

TOK VM-BRONSE: Kristoffer Skjerping seier han er klar for å proff på to hjul.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det har vore interesse før òg, men etter tredjeplassen på fredag har det kome konkrete tilbod. Det er stort når du ser at draumen er i ferd med å bli verkelegheit, seier Skjerping til NRK.

– Uviktig om laget heiter Sky

Skjerping syklar no for norske Team Joker på tredje året, og det kan altså bli det siste. Men han vil ikkje røpe kva tilbod som no ligg på bordet.

– Eg kan ikkje gå inn på kven som har kome med tilboda, men eg kan seie at eg er veldig nøgd med dei tilboda som har kome, seier Skjerping.

Han vil saman med Team Joker vurdere dei ulike tilboda når dei er tilbake i Noreg. Skjerping seier han er letta over å få konkrete tilbod.

– Tenk at ein tredjeplass kan gjera så mykje. Draumen er jo å bli profesjonell. Det har det vore sidan eg var ein liten gutunge. Eg blir veldig letta av å sjå at det no kan ordne seg.

Kva er viktig for deg når du skal velje?

– For min del er det viktigaste at eg finn eit lag som har lyst å utvikle meg til å bli best mogleg, og at eg får køyre løp som passar meg. Om det laget heiter Sky eller noko anna er ikkje det viktigaste for meg.

– Klar for profflivet

Jann Post2

– PROFF: – Han er utan tvil klar for eit profflag. Alle som tar medalje i U23 er ettertrakta av profflag, seier Jann Post.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

NRK sin sykkelkommentator, Jann Post, meiner Skjerping viser seg på øvste nivå.

– Han er utan tvil klar for eit profflag. Alle som tar medalje i U23 er ettertrakta av profflag. Men det gjeld å finna eit profflag som står for dei verdiane han sjølv har, seier Post.

Han legg til at han Skjerping bør legga opp sitt eige løpsopplegg dei fyrste åra.

– Det er viktig at han syklar for eit lag som kjenner situasjonen hans og er villig til å gje han eit fornuftig løpsprogram. Han må passa på å ikkje gapa over for mykje no i starten.

– Han har jobba knallhardt

Også sportsdirektør i Team Joker, Gino Van Oudenhove, meiner Skjerping er klar for profflivet.

– Ja, han er klar. Han har gjort det svært godt og hevda seg i dei større løpa. Han er blant dei beste. Han er klar for neste steg, seier Van Oudenhove.

Han vil ikkje meine noko om kva lag Skjerping bør sikte seg inn på, men meiner det er ganske sikkert at han er proffsyklist neste år.

– Det er sjølvsagt slik at ingenting er sikkert før kontrakten er signert, men sjansen for at han er på eit profesjonelt lag neste år er ganske sikkert.