Hopp til innhold

Skjerpa rutinene etter to nesten-ulukker

Setet til helikopterpiloten losna like før landing på ein oljeplattform i Nordsjøen i 2010. Etter at det skjedde igjen tre år etter, har selskapet dobla kontrollen på vedlikehaldsarbeidet.

S-92 fra CHC Helikopterservice

BLIR SJEKKA DOBBELT: CHC Helikopter Service har innført strenge rutinar etter vedlikehaldsarbeid på helikoptra. Her er typen Sikorsky S-92.

Foto: Wikipedia /

– Det var heilt klart alvorlege hendingar, og dei vart sjølvsagt rapportert inn til Luftfartstilsynet, seier administrerande direktør Arne Roland i CHC Helikopter Service AS til NRK.

Både i 2010 og i 2013 opplevde helikopterpilotar i selskapet at setet losna då dei skulle skyve det fram før landing i Nordsjøen.

«Dersom kapteinens sete hadde falt ned fra skinnene kunne styrestikkene ha blitt blokkert eller kommet i klem. I så fall kunne besetningen ha mistet kontrollen over helikopteret», heiter det i den ferske rapporten frå Statens Havarikommisjon.

Alvorleg feil

Rapporten slår fast at nesten-ulukkene skuldast alvorleg svikt i vedlikehaldsarbeidet hjå CHC.

Det var to lærlingar som gjorde vedlikehaldsarbeid på helikopteret ei knapp veke før den første nesten-ulukka i 2010. Det vart oppdaga at det mangla viktig låsemekanisme på begge seta i helikoptercockpit.

CHC Helikopter Service innførte då skjerpa rutinar, men likevel skjedde det samme igjen i 2013.

Har innført dobbelkontroll

– Då innførte vi dobla inspeksjonar. Det vil seie at to mann dobbeltsjekkar arbeidet som er gjort og ser til at alt er som det skal før helikopteret blir signert ut, seier Roland til NRK.

– Har det hatt liknande hendingar etter dette?

– Nei, ikkje på våre helikopter. I tillegg har me tatt opp problemstillingen med helikopterleverandøren for å sjå om det kan gjerast med sjølve designen for å gjere det enno sikrare.

Roland legg til at pilotane går gjennom mykje trening og at dei er svært erfarne.

– Pilotane seier dei hadde full kontroll. Sånn sett var det ein kontrollert situasjon som dei er godt trente på.