Hopp til innhold

Vil ikkje skifte namn på flyplassen

Avinor vil framleis halde på bokmålet på Bergen lufthamn Flesland. På kravet frå Samferdselsdepartementet om å skifta målform, svarar Avinor at deira praksis er i tråd med målbrukslova.

Bergen lufthavn Flesland

SKIFTAR IKKJE TIL LUFTHAMN: Det blir ikkje eit skifte frå Bergen lufthavn til Bergen lufthamn.

Foto: Runa Victoria Engen

I går fortalde NRK at Samferdselsdepartementet meiner Avinor må bruka mållova på flyplassane i Bergen, Ålesund, Haugesund og Fagernes. Det ville bety eit skifte frå bokmål til nynorsk på skilt og annonsar på flyplassane.

Samferdselsminister Marit Arnstad syner i brevet til Avinor sine eigne vedtekter, som seier at selskapet skal følgje målbrukslova.

Målbrukslova seier at statsorgan som har eit «geografisk avgrensa område som tenestekrins» skal nytte fleirtallsformen for området.

Styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet har tidlegare sagt at mållova er klar, og at dei fleste kommunane i regionane rundt Flesland og dei andre flyplassane nyttar nynorsk.

Nektar å skifte

I sitt skriv til Avinor syner Samferdselsdepartementet til eit brev frå Språkrådet, som rår Avinor om å endre målform på dei fire flyplassane.

Men ifølgje Bergens Tidende vil Avinor framleis bruke bokmål på Flesland, Haugesund og Ålesund.

– Avinor er ikkje samde i råda frå Språkrådet. Vi meiner praksisen vår med målform er i tråd med både vedtektene våre og målbrukslova, seier direktør for samfunnskontakt i Avinor, Ove Narvesen til avisa.

– Flyplassane tener heile landet

Fredag ettermiddag svara dei på brevet frå Samferdselsdepartementet. Der skriv Avinor at dei er samde i at flyplassen på Fagernes kan skifta målform til nynorsk.

Men på dei andre flyplassane argumenterer Avinor med at desse flyplassane har ein slik størrelse at dei ikkje berre tener nærområdet.

– Dei store flyplassane tener jo heile landet, og på landsbasis er det eit fleirtal av bokmålskommunar, argumenterer Narvesen i BT.