Trekantsambandet i Sunnhordland.
Av 33 kommunar i Hordaland er det no berre ni som ikkje har innført eigedomskatt; fem av dei ligg i Sunnhordland.
Passer på kvarandre
På eit område har næringslivet i Sunnhordland det betre enn andre; for sunnhordlandskommunane framstår som reine skattepardiset med tanke på eigedomskatt. Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio og Fitjar er fem av ni hordalandskommunar som ikkje har slik skatt idag.
Fitjar vurderer å innføre eigedomskatt, men kommunane passer på kvarandre, og så lenge den eine ikkje innfører slik skatt kjem neppe dei andre til å gjere det heller.
- Me føler at med har eit så konkurranseutsatt næringsliv at me bør unngå å innføre eigedomskatt, seier rådmann Sverre Olav Svarstad i Bømlo kommune. Og slik blir det truleg også i framtida mellom nabokommunane lengst sør i fylket.
Taper millionar
Bømlo kommune kunne tatt inn mellom fem og ti millionar kroner dersom eigedomskatt vart innført. Slike summar fristar også rådmannen i Fitjar som til mykje politisk rabalder nyleg foreslo ein begrensa eigedomskatt i kommunen. Det vil gjera Fitjar mindre attraktiv, meiner vindusprodusent Espen Fjeltvedt.
- Ja, det er det ingen tvil om. Fitjar kan ikkje innføre eigedomskatt når dei andre sunnhordlandskommunane ikkje gjer det.
Også andre hordalandskommunar konkurrerer om å vera attraktive for næringslivet. Kva det er som gjer at Sunnhordland tydlegvis har hamna i ei særstilling, kan heller ikkje fylkesmann Svein Alsaker gje noko klart svar på.
- Nei, det vil eg ikkje ha noko sikkert svar på. Eg kan heller ikkje bestemme at dei skal innføre eigedomskatt.