Hopp til innhold

Skånevik utnemnt til skateboard-paradis

Berlin, Paris og Skånevik. Kva har dei til felles? Jo, alle får hyllest for å ha ein av Europa sine beste skateparkar.

skateparken i skånevik

Skateparken i Skånevik får skryt i magasinet Kingpin Magazine.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ei vestlandsbygd med 600 innbyggjarar har ei godt skjult perle for skatarar.

I konkurranse med gigantiske skateparkar i Europa er ein liten betongpark i Etne i Sunnhordland blitt kåra til ein av dei ti beste for skateboard.

Det skjer i det engelske skateboardmagasinet Kingpin Magazine.

Den mest imponerande av dei ti parkane i kåringa er kanskje Streetdome i Danmark, som har kosta rundt 50 millionar kroner. Då er det ganske moro at parken i Skånevik, som har kosta ein hundredel av det, utmerker seg, seier prosjektleiar Kasper Helle i Betongpark AS.

– Du kan ha tonnevis med moro i Skånevik


Det er roa, stillheita og sjarmen til parken som får Kingpin magazine til å juble.

«Skånevik skatepark har kanskje ikkje dei mest fancy utfordringane [ ...], men for ein stad dette er! Enkel som den er, ser det likevel ut som ein kan ha tonnevis med moro her i Skånevik. Ingen distraksjonar, berre deg og kompisane. Og den deilege lyden av stille», er dommen i det anerkjende magasinet i si kåring.

Kingpin magazine sin hyllest av skateparken i Skånevik

Kingpin Magazine er raus i sin omtale av skateparken i Skånevik.

Foto: Skjermdump

Berlin, Paris og Skånevik

Skateboardmagasinet nemner i same kåring skateparkar i Køln, Helsinki, Paris og på nedlagde Tempelhof flyplass i Berlin.

Vesle Skånevik med kring 600 innbyggjarar er altså i særdeles godt selskap.

På Facebook har magasinet nærare 350.000 følgjarar på sidene sine.

Det det norske selskapet Betongpark som laga parken i fjor, etter initiativ frå kulturansvarleg Nils Halleland i Etne kommune.

Skanevik skatepark might not have the fanciest obstacles. No handrail, double set, impact section, no extensions, deep-end or pool coping. But what a zen little place this is! As basic as it is, Skanevik looks like you can have a ton of fun here: No distractions; just you, your homies… and the sweet sounds of silence.

Kingpin Magazine

Gull av ein stor gråstein

Iherdig dugnadsinnsats frå lokale entusiastar, samt internasjonalt profesjonell skatarar og skateparkbyggarar har sikra det som vert rekna som ei perle i det internasjonale miljøet.

Helle legg ikkje skjul på at han er overraska over at parken i Skånevik har hamna på lista til engelskmennene.

– Parken er bygd rundt ein svær gråstein, som er kappa til og gjort til ein skatebar. Det er kreativt og spesielt, og har fått mykje merksemd i ulike skatemedia. Det er veldig hyggeleg og morosamt, seier Helle.

Kort sagt har den vesle bygda i Etne ein park utan mykje fiksfakseri, men med ein svær gråstein midt i. Det fall altså i smak hjå juryen i det anerkjende magasinet.

Skånevik, skatepark

Borna i Skånevik nyttar parken godt.

Foto: Tale Hauso / NRK