NRK Meny
Normal

– Det har vore krevjande å stå i stormen

Dag Skansen måtte i går gje opp håpet om å verta ein del av leiarduoen for Høgre i Bergen. No må han rydda kontoret sitt på rådhuset.

Dag Skansen i Høgre framfor Høgres Hus i Bergen

Dag Skansen framfor Høgres Hus i Bergen. Han hadde eit ønskje om å koma inn i den nye gruppeleiinga i partiet, men Martin Smith-Sivertsen og Hilde Onarheim vart høvesvis vald inn som leiar og nestleiar for bystyregruppa.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det har vore veldig krevjande å stå i den stormen i to år. Eg meiner eg har jobba godt, men når det stormar som verst så er ikkje det noko ein føretrekker i utgangspunktet.

Dag Skansen ser tilbake på to år som parlamentarisk leiar for Høgre i Bergen. Han har stått midt i stormen som gruppeleiar dei to åra då Høgre gjekk frå 45 prosent på meiningsmålingane til eit valresultat på 21,6 prosent for to veker sidan.

Må rydda kontoret

I går måtte han konstatera at han må rydda kontoret sitt på rådhuset i Bergen – sjølv om han hadde eit ønskje om å vera ein del av den nye gruppeleiinga.

– Vi har vore gjennom ein smerteleg prosess. Eg har sagt at eg hadde eit ønske om å delta i den nye gruppeleiinga, men det betyr ikkje at eg treng å vera så veldig skuffa no, seier Skansen til NRK.

Dag Skansen bystyret

LYNAVLEIAR: Dag Skansen (H) legg ikkje skjul på at det har vore to utfordrande år som gruppeleiar for Høgre i bystyret i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Bråk

Det er andre gong på eitt år at Skansen taper ein «maktkamp» i Bergen Høgre.

I august i fjor lanserte han seg sjølv som byrådsleiarkandidat for Høgre, men måtte ein månad seinare innsjå at forspranget til Martin Smith-Sivertsen var for stort. Dermed trakk han kandidaturet.

Skansen har vore involvert i fleire heite saker dei siste åra:

Dag Skansen og Peter Christian Frølich etter gruppemøtet til Høgre i Bergen i 2013

BYBANE-BRÅKET: Her har Peter Christian Frølich (til høgre) nettopp tatt innersvingen på sin eigen gruppeleiar Dag Skansen og byrådet. Bystyregruppa til Høgre stemte i desember 2013 ned forslaget om bybane over Bryggen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ikkje avhengig av inntekt

Han legg ikkje skjul på at det har vore ein uriaspost å skulle koordinera ei bystyregruppe og eit byråd som har vore på kollisjonskurs i fleire saker.

– Eg har vore ein lynavleiar, heilt klart. Gruppeleiaren sit mellom barken og veden.

No skal han finna seg ein ny jobb – men har det ikkje travelt.

– Eg er vel på sokalla jobbsøking, men kan sette meg litt tilbake. Eg treng faktisk ikkje inntekt frå jobb, eg har gjort det så bra før, seier Skansen, som i 2013 selde selskapet Skansen Consult AS for å bli heiltidspolitikar.

Oppfordra til å utfordra

Trass ein del blanke stemmesetlar fekk Martin Smith-Sivertsen i går kveld tillit til å leia bystyregruppa.

Hilde Onarheim vart valt til nestleiar i bystyregruppa, men vedgår ovanfor NRK at ho vart oppfordra til å utfordra Smith-Sivertsen.

– For meg har det aldri vore nokon tvil. Smith-Sivertsen er vår gruppeleiar og det har vore uaktuelt for meg å gå opp mot han.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo