Hopp til innhold

Sjå Skambankt opne Bergenfest!

Saman med 3200 skuleelevar opna Skambankt Bergenfest i dag.

Skambankt spiller for skoleungdom på plenen, Bergenhus festning, som en oppvarming til Bergenfest 2014.

Fleire tusen ungdommar kom for å sjå Skambankt opne Bergenfest i dag føremiddag.

Rundt 3200 ungdommar møtte opp ved Bergenhus festning i dag føremiddag, for å sjå opninga og oppvarminga til Bergenfest som startar i morgon.

Alle elevar mellom 7. og 9. klasse var invitert til konserten, som er ein del av Bergenfest UNG.

Målet er å gje elevane ei oppleving for livet på veg inn i sommarferien.

Rocka klokka elleve

Og skambankt vare klare for å ta av trass i at konserten starta klokka elleve på føremiddagen. Konserten er eit tilbod gjennom den kulturelle skulesekken.

Skambankt slapp sitt første album i 2004 og har sidan den gong skaffa seg ein sterk posisjon på den norske musikkscena.

I tillegg til konserten vil Bergenfest UNG 2014 ha eit interaktivt undervisningsopplegg frå Music Delta. Her vil elevane kunne arbeide med tekts- og lydmaterialet til Skambankt før dei kjem på konsertarenaen.

Fire dagars festival

Tidlegare har også artistar som Gabrielle, Datarock, Timbuktu, Kaizers Orchestra og Sondre Lerche delteke på Bergenfest UNG.

Bergenfest varer til 15. juni og i år vil artistar som Thomas Dybdahl, Blondie, Anne Grethe Preus, Sivevrt Høyem, Lana del Rey, Franz Ferdinand og Store P stå på scena.