Hopp til innhold

Skal vurdera båt mellom Sotra og Bergen

Ein halv million kroner er sett av til å finne ut om ei båtrute mellom Sotra og Bergen er mogleg å få til. – Eg har purra på saka, og håpar vi får den så fort som mogleg.

Fullt på hurtigbåten fra Frekhaug under sykkel-VM

MED BÅT FRÅ SOTRA? Båtrutene mellom Bergen og Nordhordland (bildet), og mellom Askøy og Bergen er suksesshistorier. No vil fylkeskommunen vurdera om ei rute også bør starte opp frå Sotra.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun forstår frustrasjonen til dei mange bilistane, og busspassasjerane som sit i køen frå Sotra mot Bergen om morgonen. Og verre har det blitt. Berre det siste året har trafikken over Sotrabrua auka med tusen bilar berre i morgonrushet.

Det syner ein stikkprøve Statens vegvesen har gjort for NRK.

Sist måndag sette Fjell kommune i verk ei rekkje tiltak for å prøva å betra køsituasjonen frå kommunen. Men framleis er problemet stort, og dermed kjem dei mange spørsmåla om ei båtrute til Bergen.

Både frå Askøy, og Knarvik/Frekhaug er båtrute etablert og innarbeidd. Med suksess.

– Vi ventar på saka

Hestetun lovar at fylkespolitikarane skal vurdera saka nøye når dei får utgreiinga frå administrasjonen i hende.

– Status for saka er enkel. I det vedtekne budsjettet for 2018 er det sett av 500 000 kroner til å greia ut moglegheitene for ei båtrute mellom Sotra og Bergen. Vi har ikkje fått saka enno, den ventar vi på, seier ho.

Anne Gine Hestetun

– HAR PURRA: – Eg har purra på saka, og håpar vi får den så fort som mogleg, seier Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dermed ligg saka hos administrasjonen i Hordaland fylkeskommune. Når dei er ferdige med utgreiinga, skal politikarane vurdera kva moglegheiter som finst, og kva kostnader ei slik båtrute vil føra med seg.

– Eg har purra på saka, og håpar vi får den så fort som mogleg, seier Hestetun.

– Kan ikkje gambla med 10 millionar

Båtrute mellom Ågotnes i Fjell og Bergen sentrum blei prøvd ut under fjorårets sykkel-VM. Men ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, meiner stuntet under VM ikkje kan nyttast som prov på at avgangar med båt kvar einaste dag også ville blitt vellukka.

Marianne Sandahl Bjorøy

BER OM PENGEHJELP TIL BÅT: – Nokon må kunna sjå den kjempeutfordringa vi har. Dei tre kommunane har berre Sotrabrua som nerve til Bergen. Og kapasiteten der er sprengt for lengst.

Foto: Siri Løken / NRK

– Vi kan ikkje nytta det som eit døme. Når kvardagen kjem er det andre føresetnader for at folk skal ta båten. Eg trur kanskje båt kan virke, men eg trur ikkje vi får så mange nye reisande. Eg trur vi då kjem til å flytte folk frå buss til båt, seier ho.

Sandahl Bjorøy seier kommunen vurderte båtruta i budsjettforhandlingane lokalt. Konklusjonen blei at det var nyttelaust å gå inn med til dømes ti millionar kroner i eit slikt prosjekt, for så å måtte leggje tilbodet ned så snart pengane tok slutt.

– På same måte ville det vore ei katastrofe om vi gjekk inn med ti millionar kroner i noko som blei ein fiasko. Då er det ti millionar kroner tapt som vi kunne nytta til andre ting, seier ho.

Ordføraren ber fylkeskommunen og eventuelt Staten vurdera den ekstraordinære situasjonen for pendlarane til og frå Sotra. Og løyva pengar til båtrute.

– Nokon må kunna sjå den kjempeutfordringa vi har. Dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden har berre Sotrabrua som nerve til Bergen. Den er dimensjonert for 12.000 bilar i døgeret. No er vi oppe i 30.000 bilar, seier ho.