Hopp til innhold

Skal testa om fisk kan overleva oljesøl – kan bli avgjerande for oljeboring i nord

AUSTEVOLL (NRK): Fiskeyngel oppfører seg som om dei er «fulle» etter å ha bada i olje. Det spesielle forskingsprosjektet kan få konsekvensar for oljeframtida vår.

Sonnich Meier og Bridie Allan

SPESIELL FORSKING: Forskingsprosjektet i Austevoll undersøkjer korleis ulike typar fisk og fiskelarvar toler oljeutslepp. Liknande forsking blir også gjort i USA og New Zealand.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Forskar Bridie Allan ved Havforskingsinstituttet veit enkelte vil reagere. Å gjera dyreforsøk der ein lar levande vesen bli etne i laboratorium, er ikkje etisk uproblematisk.

Men ho meiner det er verd det, fordi effektane av oljeutslepp i fiskefelt er eit så viktig samfunnsspørsmål.

– Mogleg oljeleiting i Lofoten er ein vektig grunn til å tillata forsøka. Det er politisk viktig, og det er personleg viktig for mange nordmenn, seier ho.

Fiskeforskarane lagar oljesøl i forsøkstankane. Ved å studera fiskeegg og fiskelarvar i oljesølet, kan dei finna ut av kor mykje ulike fiskearter eigentleg toler.

– Dei ser ut som dei er fulle

Eit av Allan sine forsøk er å finna ut kor raskt fiskelarvar som har levd i oljesøl blir etne, samanlikna med fiskelarvar som lever i reint vatn.

– Dette er eit unikt eksperiment der me set rovfisk og byttet saman for å sjå om oljesøl påverkar byttet si evne til å rømma. Det er einaste måten å studera korleis larvane overlever å bli jakta på etter eventuelle oljeutslepp som kan oppstå i til dømes Lofoten, seier ho.

Det viser seg at det skal lite oljesøl til før yngelen blir eit lett bytte for den svoltne større torsken som blir sett ut i karet.

– Dei oppfører seg som dei er «overmodige og fulle», og ikkje bryr seg om dei blir spist. Det er ikkje særleg smart for ein liten * fiskelarve, seier Allan.

Bridie Allen

LAGAR OLJESØL TIL FISK: – Yngelen som har vore i oljesølet ser ut som dei er fulle, og ikkje bryr seg om dei blir etne, seier forskar Bridie Allan ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Skal nytta forskinga til risikovurdering

I Noreg er det sterk politisk strid for eller mot oljeleiting utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Høgre og Frp ønskjer oljeverksemd i området. Arbeidarpartiet sitt landsmøte gjekk i fjor inn for ei tredelt løysing (sjå faktaboks). Ingen andre parti vil ha petroleumsverksemd i området.

Motstandarane fryktar ei oljekatastrofe på fiskefelta.

Resultata av forskinga i Austevoll skal brukast til å vurdera risiko av alvorlege oljeutslepp i Arktis, med særleg fokus på nettopp Lofoten.

– Olje er katastrofalt for fiskeegg

Sjølv om forskinga ikkje blir avslutta før til hausten er konklusjonane så langt dramatiske for til dømes fiskeegg.

Sonnich Meier

– FISK UTAN KJEVAR: Prosjektleiar Sonnich Meierfortel at fiskeegga som har vore utsett for oljesøl utviklar seg katastrofalt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Fiskeegg er ekstremt kjenslevare for oljeforureining. Det gir deformert hjarteutvikling, deformert skjelett, og fisk som ikkje utviklar kjeve, slik at dei døyr av svolt, seier Sonnich Meier, seniorforskar og prosjektleiar for prosjektet som heiter «Eggtox».

Meier meiner det er særs viktig for ein oljenasjon som Noreg å få data frå slike forsøk.

– Så blir det politikarane si vanskelege oppgåve å avgjera om ein skal opna for oljeboring, seier Meier.